Steffen Wolff frå Hyllestad stal NM-showet
Laurdag vart Steffen Wolff frå Hyllestad norsk juniormeister i disiplinen 14-1. Søndag ettermiddag følgde han opp med ny NM-tittel i 9-ball.
- Etter ein tung start, sette han maskineriet i gang, seier sportssjef i Norges Biljardforbund, Katrine Grotle og såg at 17-åringen frå Hyllestad festa grepet i finalekampen i junior-NM mot Kristoffer Mindrebøe frå Moss.
Med to tiltar i helga, har Steffen Wolff allereie sikra seg fire NM-titlar.