Og sjølv om ho bur på Geilo, er ho klar på kvar røtene har sitt feste: Eg er fødd i Sunnfjord og føler meg som ein ekte sunnfjording, smiler 19-åringen.
Få i Sogn og Fjordane kjenner til at utøvarar frå fjordafylket er i ferd med å markere seg både nasjonalt og internasjonalt i snowboard. Men både Elin Viken Holvik og broren Tore er opphavleg frå Naustdal.
Fjordingar
– Mamma kjem frå Viksdalen og pappa er frå Sandane. Men vi er fødd på sjukehuset i Førde og vaks opp i Naustdal, seier Elin Viken Holvik og let den raude hårmanken flagre i vinden medan ho gjer seg klar til å vise nokre av sine kunstar i halfpipen på Geilo.
– Og sjølv om vi i dag bur på Geilo, og eg er elev på snowboard-lina ved Norges Toppidretts-gymnas, held vi jamnleg kontakt med Sunnfjord. For både vener og heile slekta bur jo der. Og planen min er faktisk at eg til hausten vil busetje meg i ein periode i Førde. Det er så mykje kule folk der, ler snowboard-kometen.
TIL USA
Den komande månaden vil Elin Viken Holvik ha tilhald i USA.
– Eg skal vere med landslaget på samling i USA, og skal elles delta i dei to store konkurransane «US Open» og «Vans Triple». Og med namn som Clarke, Vidal og Zurek på startstreken i kvinneklassa, så vert det heftig, seier 19-åringen om konkurransane i snowboardens heimland.
Nesten i VM
Elin Viken Holvik har akkurat delteke i junior-VM i Prata Nevosa i Italia, og var svært nær sigeren.
– Eg var nummer to etter kvalifiseringen og hadde store mål. Men eg «loka» i finalen og «baila» i siste «run», fortel den tidlegare naustdalsjenta og viser i klartekst at snowboard-språket er både nytt og internasjonalt.
– For folk som ikkje kjenner idretten, er dette «gresk». Men om vi konkurrerer i Norge, Italia eller USA er dette språket felles, og det blir forstått overalt, seier 19-åringen og er klar for å setje utfor den knallharde pipen i Geilo.
– Eg brukar alltid å tenkje tryggleik. Hjelmen er difor viktig, seier Elin og «droppar inn i pipen».
Toppidrett
Elin Viken Holvik er ein av fire elevar som har fått plass på den attraktive snowboard-linja på Toppidrettsgymmnaset (NTG). Berre ved siste opptak var det knappe 60 søkjarar til seks ledige plassar.
– Det opplegget vi har på NTG er berre heilt topp. Og det er klart at skal vi vere med i kampen mot dei sterke utanlandske løparane, så må vi berre satse, seier Viken Holvik og utmerkar seg i pipen med luftige hopp og tøff køyring.
Mykje trening
– Nivået på jentesida her i Norge er for dårleg. Vi har hatt nokre gode heilt på toppen, men breidden har vore for svak. Så dette må vi jenter gjere noko med, smiler ungjenta og kjem ruslande opp att pipen med brettet på ryggen.
– Den som trudde at snowboard er slapt, veit lite. Vi trenar i periodar like mange timar som til dømes langrenn- og skiskyting-utøvarane. Og sjølv om uthaldenheit ikkje er like viktig som i desse idrettane, så er det ein klar fordel å vere sterk, seier geilo-utøvaren og viser i klartekst at kropps-kontroll må til når ho dansar frå side til side nedover halfpipen.