Nær sensasjon i VM
Norge tapte den avgjerande 1/8-delsfinalen i lag-VM i biljard seint torsdag kveld. Men Tommy Wolff frå Hyllestad var nær å sende langt meir meritterte spelarar frå Filippinane ut av VM i Tyskland.
- Tommy har verkeleg imponert under meisterskapen, og i 1/8-delsfinalen var Norge ikkje langt unna ein sensasjon, seier sportsjef i biljardforbundet, Katrine Grotle.
Ho følgde den avgjerande kampen via live-sendinga på nettet, og seier Tommy Wolff og Norge var nær plass i kvartfinalen.
Nær sensasjon
- På stillinga 5-5 til Filippinane var Norge i ferd med å overta grepet i kampen, då Tommy sin lagkamerat Mats Schjetne var litt uheldig på ein lang ball. Dermed fekk Filippinane overtaket og sikra inn 5-6-sigeren, seier Grotle.
Norge vart dermed nummer ni i meisterskapen, og både Tommy Wolff og lagkameratane var nøgde med plasseringa.
- Dette er langt over forventningane. Vi skal vere klar over at fire av dei filippinske spelarane har titlar som individuelle vinnarar i VM. Så nivået er utruleg høgt, seier Grotle.
Tommy avgjorde
Norge stilte med følgjande spelarar: Malvin Bjelland (Tre Måker Biljardklubb), Mats Schjetne (Trondheim), Vegar Kristiansen (Stoppball Nidaros Biljardklubb) og Tommy Wolf frå Hyllestad Biljardklubb.
I dei innleiande kampane slo dei ut Iran, Aruba og Marokko. Derimot vart det klart tap mot Storbritannia.
– Spesielt var det spennande mot den nederlandske øystaten Aruba. Då var det Tommy Wolff som avgjorde med å sette den avgjerande ballen som gjorde at Norge sikra seg kamp mot Marokko før 1/8-delsfinalen, seier Grotle.
Spele mot dei store
Det er første gong i historia at det vert arrangert eit VM for lag.
– For ti-tolv år sidan var Norge av dei betre nasjonane i verda. Men dei siste åra har mange nasjonar rasa forbi oss. Men etter at vi tilsette svenske Jørgen Sandmann som landslagstrenar, har nivået betra seg mykje her i Norge, seier Grotle og håpar Tommy Wolff held fram si flotte utvikling.
– Sist han deltok i internasjonale konkurransar for to år sidan, har han utvikla seg mykje. Det handlar om å skrelle vekk uvesentlege saker, og ha riktig fokus. Noko han meistrar godt, seier Grotle.