...
SØLV: Steffen Wolff (til høgre) gjorde ein knallsterk prestasjon då han tok sølv i NM i Oslo i helga. Broren Tommy enda på 9.-plass, men har vunne NM tidlegare. Foto: Rune Fossum

Knuste storebror og tok NM-sølv

Steffen Wolff (17) frå Hyllestad overraska med å ta sølv i NM. No vil han ha medalje i EM.

Publisert 26.01.2010 kl 12:27 Oppdatert 26.01.2010 kl 12:27

Tips ein venn på e-post:


I finalen i Oslo i helga vart Malvin Bjelland frå Haugesund for sterk med siffera 7–4. Bjelland var norges beste biljardspelar i 2009, medan Steffen enno er junior. Storebror Tommy Wolff (23) er meir kjend i biljardmiljøet. Han enda på delt 9. plass i NM. Begge brørne er knytte til Hyllestad Biljardklubb, eit svært aktivt miljø i Ytre Sogn.

– Overraska

– Dette er stort for meg. Eg rekna ikkje med å gjere det så godt, så eg overraska både med sjølv og andre. Det var trass alt landets 88 beste spelarar som deltok. Då er det ikkje så verst å bli nest best, seier Steffen.

Som heller ikkje hadde venta å bli betre enn storebror Tommy.

– Nei, i utgangspunktet er jo han ein betre spelar enn meg. Men eg møtte veldig sterk motstand i mine kampar, så eg fortente sølvet.

Satsar mot EM

Frå før av var Steffen sin beste prestasjon i senior-NM ein 9. plass, medan Tommy gjekk heilt til topps i 2008. Steffen er også norgesmeister, for juniorar i 2009. Han er utteken til senior-EM i Kroatia i mars, men det er junior-EM til sommaren som blir hans store mål for sesongen.

– Der meiner eg at eg har medaljesjansar. Det blir den viktigaste meisterskapen for meg i år, sesongens store mål. Eg kan nok ikkje hevde med i senior-EM. Det at eg var ein av få som hadde levert inn treningsplan til landslagssjefen er ein av grunnane til at er med der, fortel Steffen.

Tommy skal ikkje delta i senior-EM, men derimot i VM komande helg.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.