Er du samd i Firda si kåring? Gje di stemme!
– Først kom OL-uttaket, og så kåringa som årets idrettsnamn i Firda. Snakk om å toppe dagen, jublar 21-åringen Tarjei Bø då Firda gratulerte han som vinnar av årets idrettsnamn i Sogn og Fjordane.
Som grunngjeving for årets utmerkingar legg vi også til grunn det faktum at Tarjei Bø kom tilbake for fullt etter lengre sjukdomsavbrekk tidleg i 2009-sesongen. Då vann han fire gullmedaljar i junior-EM, og gjekk like godt til topps i senior-NM på normaldistansen i vår. Sjølv om han berre var junior.
– Dette er noko eg set utruleg stor pris på. Det er kort og godt kult, og viser at eg må ha gjort noko riktig i 2009-sesongen. Tusen takk, seier prisvinnaren.
Her er Firda si liste og grunngjeving til kvar utøvar på topp 20-lista (tala i parantes syner fjorårets plassering):
1. Tarjei Bø (ny): Skiskyttaren kom sterkt tilbake etter sjukdom denne sesongen. Fekk verdscupdebut, vann NM for seniorar sjølv om han berre var junior. Vann også fire EM-gull. Sist helg vart han beste norske løpar i to løp i verdscupen. Klar for OL.
2. Ronny Hafsås (4): Ronny Hafsås fekk sitt gjennombrot med verdscupsiger i langrenn i november. Viste også bevis på høg kvalitet i skiskyting i vår. men fram mot OL vert det langrennssatsing på Hafsås.
3. Knut Erik Folland (ny): Førde-trenaren lukkast endeleg med opprykk til 2. divisjon. Vel så viktig er hans innsats for etablering av fotballakademi i Førde, med sterkt fokus på arbeidet blant dei yngre.
4. Sander Smørdal (6): Eidaren sette ny norsk rekord på 50 meter fri, og er Norges raskaste symjar. Fekk også starte i kortbane-EM. Ein av utøvarane i fylket som legg ned størst treningsmengde.
5. Morten Aa Djupvik (10): Landslagstrenaren returnerte frå VM med fleire gull, og kan takke spesielt Petter Northug for at det ikkje har storma meir. Får ei tøff oppgåve i Vancouver-OL.
6. Odd-Bjørn Hjelmeset (3): Friskusen frå Gloppen markerer seg alltid, både på og utanfor arenaen. Viser bevis på høgt nivå, og berre ein sveitsisk skismørjar på feil stad, har gjort at nordfjordingen ikkje kan bestille billett til Vancouver.
7. Vebjørn Varlid (14): Tek opp arven etter Stian Grimseth. Er allereie betre enn idolet var på same alderstrinn. Best i Norge og Norden; Europa ventar.
8. Trude Raad (11): Fylkets store friidrettsprofil. Sankar topp-plasseringar og utmerkingar kor ho ferdast. Og det før ho har komme opp i senioralder.
9. Elise Thorsnes (ny): Sognejenta er fast på det norske kvinnelandslaget, og fekk også oppleve å score i kvartfinalen mot Sverige i EM i år.
10. Roger Aa Djupvik (12): Har gått seg inn i diskusjonen om OL-plass etter gode løp i verdscupen. Vann Skandinavisk Cup i 2009.
11. Børre Steenslid (9): I landslagsdiskusjonen igjen etter god sesong i Viking. Spennande å sjå utviklinga i 2010 med ny klubbtrenar.
12. Mathias Loftesnes (ny): Kantspelaren på Førde VBK hadde suksess på klubblaget, før han vart henta til proffkarriere i Estland.
13. André Haugsbø (13): Fekk sitt gjennombrot i FIS-marathon Cup i fjor. Går for sin første siger i langrennsmaraton denne sesongen.
14. Rune Bolseth (ny): Var ein av dei beste spelarane i Adeccoligaen i fjor heilt til skade sette han utafor dei avgjerande kampane for Sogndal. Vurderer klubbskifte.
15. Håvard Gutubø Bogetveit (ny): Skiskyttar-komet frå Førde. Har topplasseringar i både langrenn og skiskyting nasjonalt. Vann også NM i sommarskiskyting.
16. Ann Kristin Aafedt Flatland (7): Vik-løparen er fast innslag i verdscupen i skiskyting, og vil venteleg få gå i OL.
17. Eivind Stavang (8): Sprintaren som aldri gir opp. Trass i skader leverer Florø-utøvaren nasjonale topp-plasseringar.
18: June Andenæs (ny): Gloppen-jente som viser at det er mogleg å vere i nasjonal topp i handball sjølv om ho kjem frå Sogn og Fjordane. Toppscorar for Levanger, og fekk debut i Europa saman med klubblaget sitt.
19: Kari Bergheim Hole (ny): Ungjenta er for tida fylkets alpinprofil, med mellom anna sølv i NM i junior I. Tilbake etter kyssesjuke, og viser lovande start på sesongen.
20: Christoffer Hafsås (ny): 17-åringen frå Eid vart den store «hiten» i Firdaligaen. Vart toppscorar og heidra som årets Firdastjerne. No vil fleire klubbar oppover i systemet ha Hafsås.