Det vart ingen god dag for Alexander Kirketeig under EM i Finland torsdag.
– Eg tok 320 kilo i knebøy, men fekk to underkjende løft. Det var min eigen feil. Men i benk presterer dommarane å underkjenne løfta mine, sjølv om eg brukar same teknikk som heime i Norge.
– Og eg har jo trass alt mange tusen løft bak meg. Då seier det seg sjølv at det blir vanskeleg å endre teknikken, seier han skuffa på telefon frå Finland.
Dermed greidde ikkje Kirketeig å forbetre sjetteplassen han fekk under EM frå fire år tilbake.
– Akkurat no er eg berre utruleg skuffa.
Av dei 14 deltakarane i klassa til sunnfjordingen var det fire løftarar som vart ståande utan resultat samanlagt.