...
DELTAKARREKORD: Det var reine folkehavet på toppen av Storehesten under innspurten på konkurranseklassane. Foto: Rune Fossum

Jublar over Storehesten-suksess

Om lag 1500 menneske tok turen til topps under Storehesten Opp.

Publisert 28.06.2008 kl 18:23 Oppdatert 29.06.2008 kl 19:52

Tips ein venn på e-post:

...
VANN - IGJEN: Jon Tvedt er i ein klasse for seg på Storehesten. Laurdag vann han NM med fleire minutt til neste løpar. Foto: Rune Fossum
...
VANN NM: Anita Håkenstad Evertsen leverte eit pangløp og sette ny suveren løyperekord i dameklassen. Foto: Rune Fossum

Storehesten Opp 2008

...

-Dette er så bra som det kan bli, seier motbakkegeneral Helge Kårstad.

Førebelse overslag syner at Storehesten Opp igjen har sett ein solid deltakarrekord: Over 1000 mosjonistar og over 250 løparar var med som registrerte - totalt om lag 1300 - og i tillegg skal det ha vore 250 uregistrerte menneske på toppen i løpet av arrangementet.

Den tidlegare rekorden vart sett i fjor, og var på 930 registrerte deltakarar.

-Eg hadde ikkje trudd at vi skulle passere 1000 deltakarar med så god margin, seier Kårstad.

-Det er fantastisk at vi på Vestlandet kan få til slike arrangement, legg han til.

Kårstad var eit einaste stort smil på toppen av Storehesten. Og han kunne ikkje få fullrost dei mange frivillige som stilte opp på dugnad.

Totalt var mellom 100 og 200 menneske i aksjon som funksjonærar under løpet.

PS: Det vart favorittsigrar både i herre- og dameklassen i NM. Motbakkekongen Jon Tvedt sprang i mål på 1.06,10 - berre to fattige sekund bak sin eigen løyperekord.

Anita Håkenstad Evertsen vann dameklassen på 1.20,32 - ei forbetring av den gamle løyperekorden med sju minutt.

Gloppens Merete Helgheim vart nummer tre i dameklassen. I herreklassen var André Haugsbø beste lokale løpar med ein åttandeplass.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.