- Dette var utruleg tungt!
- Var det moro?
- Ja, det er byrja å bli litt kjekt no. Men over Dovrefjellet var det seigt med mykje motvind og regn, seier han like etter målgong.
Sykla saman
Sykkelklubben i Førde greidde målet sitt, og gjennomførte på ganske nøyaktig 20 timar. Alle i klubben sykla dei 540 kilometerane samla inn til Oslo.
- Det var eit kjempegodt opplegg og alle hjelpte kvarandre fram, seier Grimseth.
Fleire var skeptiske
At han no greidde å fullføre Trondheim - Oslo, verdset han høgt.
- Det er mange som tvilte til at eg ville greie det, men dette er stort, jublar han.