Hyar vart fylkesmeister

Ole Arild Aa vart i helga fylkesmeister i skyting på bane. Tone Anette Espe tok heim sigeren på felten.

Publisert 11.06.2007 kl 09:12 Oppdatert 11.06.2007 kl 09:37

Tips ein venn på e-post:

...
Tone Anette Espe og Ole Arild Aa Foto: Stig Roger Eide

Hyen-skyttaren har i mange år vore i tetsjiktet her i fylket i skyting, men måtte vente heilt til banefinalen søndag ettermiddag, før han kunne juble over tittelen som fylkesmeister.

- Dette var jaggu på tide, repliserte lagkamerat Bertel Oddne Mjellem etter avvisinga i landsdelskrins-stemne som Nyborg og Gula Skyttarlag arrangert i helga.

Ese pressa Aa

Med 246 poeng etter dei første 25 skota laurdag hadde Ole Arild Aa to poeng til gode på ringreven Lars Hallvard Ese. Balestrand-skyttaren la også sterkt press på Aa i finaleomgangen då han skaut prikkfritt med 100 poeng og seks innertiarar.

- Eg veit at eg la til press på Ole Arild akkurat då. Men han vann fortent. Han har vore i tetsjiktet her i fylket i lang tid, og det var flott at han endeleg fekk denne tittelen, smiler 55-åringen som dermed vart nummer to i fylkesmeisterskapen i ytre Sogn i helga.

Espe vann i felten

Og på same måte som nordfjordingen Ole Arild Aa sikra seg tittelen i baneskytinga, vart det på mange måtar også Nordfjord-siger i feltskytinga. Tone Anette Espe har i mange år nemleg representert Haugen i Eid kommune, men skifta over til Leikanger i samband med jobb på Leikanger.

-Miljøet på Leikanger er veldig godt, og det er klart at det gode klubbmiljøet pressar oss til å yte meir. Men at eg skulle gå heilt til topps i feltskytinga var overraskande, smiler 24-åringen etter feltfinalen.

Dobbelt på Haugnes

I dei yngre klassane vart det dobbeltsiger til Florø-skyttaren Lars Haugnes. Akkurat på same måte som han i fjor vann begge øvingane under landsdelskrinsstemne.

-Eg er godt nøgd med skytinga mi i helga. Fullt hus i felten og tilsvarande på bana må eg vere godt nøgd med, smiler 14-åringen som allereie har blitt grossist i meisterskapstitlar.

-I fjor vann eg både Vestlandsmeisterskapen og fylkesmeisterskapen i begge øvingane. Det hadde vore moro om eg kunne ha kopiert dette i år også, smiler Florø-skyttaren.

I juniorklassa vart det også dobbeltsiger til Vegard Solhaug frå Aurland.

Florø-skyttaren Tor Erling Ulriksen vann dessutan rekruttklassa på bane.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.