Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.178.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: org.xml.sax.SAXParseException: Open quote is expected for attribute "align" associated with an element type "div".
, group
X-Trace-App: [componada ; fibba.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 12 06:00:43 CET 2012]
X-Trace-App: [relax ; knuff.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 12 06:00:42 CET 2012]
Laurdag møttest kjendislaga frå Florø og Førde til "Tufte"-kamp
på eit fullsett og solfylt Florø stadion, til ein tvillingbyduell med harde
taklingar og forsøk på å ta opptil fleire "Zidane".
Etterpå møttest veteranlaga til Liverpool og Brann.
Forklaring
til videoklippa:
Tuftekamp - Oppvarming:
Her ser du mellom andre Per Storegjerde
på Førde-laget som ristar laus, og kaptein Stian Grimseth som drøftar
taktikk. Deretter ser vi Anne Oline Gullaksen, Atle Hamar, Anders Ole
Sunnarvik, Harald Gil Sætre, Arvid Andenæs som joggar, Jan Atle Stang og
Anne Mette Hjelle. Til slutt ser vi Florø-laget.
Tuftekamp - 1. omgang:
Florø startar med ballen, men lagkaptein
Heidi Grande Røys mistar han til Atle Hamar på Førde-laget. Deretter går
ballen att og fram mellom laga, før Førde får ein stor sjanse.
Ein
knallhard duell mellom Ida Berqvam og Heidi Grande Røys endar med innkast
der Førde på ny har ballen ei stund. Deretter er det slag i slag med stygge
taklingar som fører til frispark.
Gustav Johan Nydal prøver seg på
ein Zidane på Stian Grimseth, men er sjølv den som går i bakken.
Sterkaste
scenene er når Florø-keeper. Sander Ødelien avvergar to scoringsforsøk, og
når Gustav Johan Nydal mot slutten vert sprunge ned av Stian Grimseth.
Tuftekamp - 2. omgang:
I starten av denne omgangen er
Førde-kapteinen usamd med dommar Robert Endestad. Deretter lagar Leif
Belsvik eit nydeleg mål. Så kjem mange spektakulære taklingar, mellom anna
der Ida Berqvam (14) som hyler kvar gong ballen kjem mot henne, prøver å få
ballen unna Florø-laget. Den alltid objektive sjefsdommar Robert Endestad
går sjølv med ballen eit stykke for å hjelpe Florø-laget.
Sander
Ødelien har nok ei kjemperedning for Florø, og Anders Haave (med flytevest)
scorar nesten mål, medan Jan Atle Stang skyt stang ut.
Tuftekamp - Scoringane:
Her er rekka med sjansar og scoringar
som gjorde at kampen enda 6-3 til Førde.
Tuftekamp - Sidelina:
Glimt frå sidelina: Innmarsj, kamp, pause
med strategi, innbyttarbenken, etter kampen, lagbilde.
Tuftekamp
- Atle Hamar:
Direktør i Lotteri- og Stiftelsestilsynet, Atle Hamar,
blir intervjua om breidde i fotballen.
Har du problem med å spele av video? Du må kanskje
oppgradere avspelaren:
Last
ned Windows Media Player 10 for PC