Stryn er klar for den første ordinære runden i NM, etter å ha knust Ørsta 6-0 i den andre kvalikrunden.
Stryn banka Høyang 10-2 i den første kvalikrunden, og viste i kveld at dei framleis veit vegen til mål.
Det var likevel mållaust til pause, før nordfjordingane sette inn nådestøtet med seks mål i andre omgang.
Jon-Terje Tjellaug og Mats Solheim scora begge to mål for Stryn, som dermed vart det første lokale laget vidare frå kvalikrundane.