Stig Roar Hovland (26) er igjen klar for ein større internasjonal meisterskap i innandørsfotball. Denne gongen ventar EM i Kviterussland for Høyangs solide sisteskanse.
-Eg fekk vite at eg var høgaktuell rett før helga. Og ettersom eg har vore ein del skadd i år, var dette moro, seier Hovland.
Keeperen spelte heile vårsesongen for Høyang, men var på grunn av skade i lysken og betennelse i magemuskulaturen ikkje på bana i haust.
-Eg skulle ikkje ha spelt i vår heller. Eg var eigentleg skadd frå før seriestart, fortel Hovland.
-Slå England!
Han var førsteval på det norske innandørslandslaget under VM i Sør-Amerika også i fjor. No tyder mykje på at vikjen har etablert seg på landslaget.
EM vert spelt i Baranovichi i Kviterussland 23. - 29. november. Der slåst Hovland om plassen mellom stengene med den tidlegare Viking-keeperen Magnar Nordtun.
-EM vert spennande, og eg trur nivået er litt lågare enn i VM - der søramerikanarane var veldig gode, seier 26-åringen.
Norge møter vertsnasjonen Kviterussland, England og Belgia i gruppespelet. Hovland veit lite om dei ulike laga, men har eitt stort mål:
Å slå England.
-Det er ikkje mange som kan seie at dei har slege England. Men eg trur det er mogleg, då dei ikkje har drive med innandørsfotball særleg lenge, fortel han.
Meir involvert i spelet
I helga deltok sogningen i den skandinaviske meisterskapen for klubblag. Der opna Sogn Futsal med to sigrar. Men etter at dei leia 2-0 mot laget som seinare vann turneringa, tapte dei 3-2 i den tredje kampen. I den siste og avgjerande kampen vart det tap igjen. Det enda dermed med ein tidleg exit for sogninganes innandørshåp.
-Det er noko heilt anna å vere keeper innandørs i høve vanleg fotball. Det går mykje raskare, det er mindre ballar og eg er med heile kampen. Keeperen er også involvert i spelet, og ein må vere god med føtene, meiner Hovland.
No tel han på knappane om han skal vere med Høyang vidare i 3. divisjon.
-Eg har ikkje så mange alternativ. Ein 3. divisjonsklubb frå Bergen har vore etter meg, men mest aktuelt er Høyang eller Vik, seier sisteskansen.
Her er heile det norske laget til EM:
Målvakter:
Stig Roar Hovland, Sogn Futsal
Magnar Nordtun, Bømlo Futsal
Utespelarar:
Henrik Arnesen, Horten Futsal
Rodrigo Castillo, Oslo Futsal
Thierry Danon Dje Dje, Oslo Futsal
Stian Nikodemussen, Tønsberg Futsal
Stian Reinertsen, Nidaros Futsal
Roberto Antonio Rojas Ruiz, Oslo Futsal
Igor Salai, Indre Agder Futsal
Robert Stene, Rosenborg Futsal
To heimeverande reservar vert tekne ut på eit seinare tidspunkt.