Nissen kjem til Sogndal

I år kom jula tidleg til Sogndal. Dei har nemleg signert Nissen!

Kasper Nissen er klar for Sogndal. Her i kamp mot sin nye lagkompis Simen Brekkhus då Nest-Sotra slo Sogndal ut av cupen i vår.

Kasper Nissen er klar for Sogndal. Her i kamp mot sin nye lagkompis Simen Brekkhus då Nest-Sotra slo Sogndal ut av cupen i vår. (Foto: )

DEL

Den danske angriparen Kasper Nissen (19) har skrive under på ein treårskontrakt med Sogndal.

Det melder klubben på si heimeside.

Slo ut Sogndal i vår

Nissen kom til Nest-Sotra før årets sesong og vart 2.-divisjonsklubben sin toppscorar med 18 mål. Dansken har tidlegare prøvespelt for både Sarpsborg 08 og Molde, men no har han i staden signert for Sogndal.

Det er sportsleg leiar Håvard Flo godt fornøgd med.

– Vi er veldig glade for at Kasper kjem til oss. Han er ein spelar vi har følgd nøye med, og vi har sett han live i fleire kampar. Han har vist at han har eit bra rykk og eit godt skot, seier Flo til Sogndal si heimeside.

Nissen spelte mellom anna då Nest-Sotra slo Sogndal ut av cupen sist vår.

– Nase for scoringar

19-åringen vert vinterens andre signering då sogndølene tidlegare i haust henta Bendik Bye frå Levanger.

– Kasper er veldig profesjonell og treningsvillig. Han er sterk, rask og har nase for scoringar. Han er også ein ung spelar, og det er flott at han kjem hit slik at vi har moglegheit til å utvikle han vidare, seier Flo.

Ifølge Sogndal Fotball kjem Nissen til Sogndal då dei startar oppkøyringa 10. januar.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags