Ikkje mobb kamerat-Veum!

Av

<p> <img src="http://bed.api.no/api/acpece4/v1/image/4-51-1114751"></img> <br /> Åge Starheim har sett seg lei på kritikken mot Ernst Veum sin overgang til Frp. – Ap har Frp-panikk i Luster, tordnar stortingsrepresentanten. </p>

DEL

– Dette bør bli ein snarleg slutt på, tordnar Åge Starheim i eit intervju med Sogn Avis torsdag.

Les også:

Stortingsrepresentanten og fylkesleiaren i Framstegspartiet har sett seg kraftig lei på det han oppfattar som mobbing av Ernst Veum, etter at den tidlegare Arbeidarparti-ordføraren i Luster førre veke melde overgang til Frp – etter 42 år som Ap-ar.

Tysdag gjekk tidlegare leiar i Luster Arbeidarparti, Arne Johannessen, ut og kritiserte Veum sitt partibyte.

– Det er ingen menneskerett å verte ordførarkandidat, sa den profilerte politi-tillitsmannen og la ikkje skjul på skjul på at han, og mange med han i Luster Ap kjende seg svikta av Veum.

– Ernst har med eit pennestrøk øydelagt det gode politiske ettermælet sitt, meinte Johannessen.

Det gjer Starheim forbanna.

– Det er ikkje uvanleg at folk skiftar parti, og vanlegast av alt er skiftet mellom Frp og Ap, meiner Starheim og legg til:

Han meiner panikken er i ferd med å bre seg i Arbeidarpartiet.

– Det er berre tåpeleg å halde fram med denne mobbinga, seier stortingsrepresentanten.

Ernst Veum var ordførar for Arbeidarpartiet i 14 år, fram til 2003.

Artikkeltags