Gjerland blir sitjande som ordførar

Sp gjekk i forhandlingar med Ap i natt, men Gjerland nekta å avsetje seg sjølv.

Publisert 11.09.2007 kl 11:34 Oppdatert 11.09.2007 kl 11:50

Tips ein venn på e-post:

...
FIRE NYE ÅR: Nils Gjerland held fram som Førde-ordførar med støtte frå blant anna Høgre og Eva Marie Halvorsen (t.h) som etter alt å dømme er Førdes neste varaordførar. Foto: Arne Stubhaug
...
KRAVDE Å FÅ ORDFØRAREN: Som største gruppe i det nye bystyret, kravde Arbeidarpartiet og førstekandidat Jorunn Eide Kirketeig ordførarklubba, då dei i natt gjekk i forhandlingar med Sp og Nils Gjerland. Slik gjekk det ikkje. Foto: Arne Stubhaug

– Slik det ser ut no, blir eg sitjande i fire nye år. Vi gjekk i natt først i drøftingar med Arbeidarpartiet, slik vi hadde lova. Men, når dei tviheldt på at dei skulle ha ordføraren, så var det ikkje aktuelt for meg å avsetje meg sjølv, seier Nils Gjerland til firda.no.

Ikkje-sosialistiske drøftingar

Dermed søkte Senterpartiet samarbeid med dei borgarlege og sentrumspartia i Førde.

– Det har vore drøftingar. Ingen avtale er signert, men vi ser ut til å ha med oss alle partia på ikkje-sosialistisk side. Det gir oss 17 mandat i bystyret, og vi treng 14 for å ha fleirtal.

Mange slengarar

Når finteljinga frå Førde-valet er klar tysdag føremiddag, er det klart at Gjerland også har fått mange personlege røyster frå andre parti sine veljarar.

– Eg har fått 118 slengarar og 289 internkummuleringar. Eg er både audmjuk og taknemmeleg. Vi har gjort eit langt betre val en eg hadde tørt å håpe på. Vi har fått eit godt tillitsvotum. No så mange gir eit slik signal, er det ei sterk oppmoding om å halde fram, seier Førde-ordføraren.

Låg deltaking

Etter gårsdagens val er Ap igjen største parti i Førde, men Gjerland trur ikkje Førde-folk flest vil merke dei store skilnadene.

– I praksis vil det nok bli eit breiare samarbeid, også mot Ap, men vi trengde fleirtalet for å halde på ordførarvervet. Det blir eit nytt bystyre med nye profilar, og eit litt forskjøve styrkeprofil.

Det som derimot er eit lite skår i gleda, er den låge valdeltakinga på berre 57 prosent i Førde.

– Det er i minste laget. Eg har ikkje noko spesiell forklaring på kvifor deltakinga er så låg, seier ordføraren som dei siste fire åra har gjort seg merka som ein velkledd, diktlesande Førde-ambassadør.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.