Helgetrafikken fører til forseinkingar ved Lavik-Oppedal.
|
Janne G. Sørgulen
E-post
|
|
| Publisert 17.07.2009 kl 19:11 Oppdatert 17.07.2009 kl 19:33 |
Ved ferjeleiet Oppedal-Lavik er det på Oppedal-sida no lange køar. Resultatet er ventetid for bilistane.
– Folk må rekne med inntil ein halv, til ein times venting ved ferjeleiet, seier styrmann Odd Våge ved «Gloppen».
Ifølgje styrmannen er dette berre vanleg helgetrafikk. Det skal ikkje ha vore mykje køar elles i veka.
Det beste tipset frå styrmannen er difor såre enkelt:
– Bilistane må berre smørje seg med tolmod inntil neste ferje kjem, seier Våge.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt