Åge Starheim har sett seg lei på kritikken mot Ernst Veum sin overgang til
Frp. – Ap har Frp-panikk i Luster, tordnar stortingsrepresentanten.
– Dette bør bli ein snarleg slutt på, tordnar Åge Starheim i eit intervju med Sogn Avis torsdag.
Les også:
Stortingsrepresentanten og fylkesleiaren i Framstegspartiet har sett seg kraftig lei på det han oppfattar som mobbing av Ernst Veum, etter at den tidlegare Arbeidarparti-ordføraren i Luster førre veke melde overgang til Frp – etter 42 år som Ap-ar.
Tysdag gjekk tidlegare leiar i Luster Arbeidarparti, Arne Johannessen, ut og kritiserte Veum sitt partibyte.
– Det er ingen menneskerett å verte ordførarkandidat, sa den profilerte politi-tillitsmannen og la ikkje skjul på skjul på at han, og mange med han i Luster Ap kjende seg svikta av Veum.
– Ernst har med eit pennestrøk øydelagt det gode politiske ettermælet sitt, meinte Johannessen.
Det gjer Starheim forbanna.
– Det er ikkje uvanleg at folk skiftar parti, og vanlegast av alt er skiftet mellom Frp og Ap, meiner Starheim og legg til:
Han meiner panikken er i ferd med å bre seg i Arbeidarpartiet.
– Det er berre tåpeleg å halde fram med denne mobbinga, seier stortingsrepresentanten.
Ernst Veum var ordførar for Arbeidarpartiet i 14 år, fram til 2003.