Gjekk laus på politibil og politibil-leikehytte

Ein eller fleire ukjende personar brende natt til søndag ned ei politibil-liknande leikehytte i ein barnehage i Vik, og gjorde samstundes hærverk på ein ekte politibil som stod parkert i Vik sentrum.

Publisert 31.12.2006 kl 12:47 Oppdatert 31.12.2006 kl 17:23

Tips ein venn på e-post:

Meir på firda.no


I tillegg er det knust ruter og dører i bygningen til Vik Industri. Denne ligg i det same området.

Politiet ser klar samanheng mellom skadeverka, som truleg har skjedd mellom klokka 03 og 04 om natta.

- Det verkar som nokon har hatt aggresjon i deg, og det kan sjå ut som den til dels kan ha vore retta mot vår etat, seier operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet skal seinare avhøyre vitne i saka, og har god tru på oppklaring, ikkje minst sidan Vik er eit oversiktleg og vanlegvis svært roleg lokalsamfunn.

Leikehytta som var forma som ein politibil skal ha blitt heilt øydelagd av brannen. På politibilen som vart nytta av vakthavande polititenestemann er det rive av eit skilt, og ein vindusviskar er bøygd. Hos Vik Industri er det ifølgje politiet knust nokre glas og dører, og ein bil som tilhøyrer verksemda har fått øydelagt baklys og vindusviskarar.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.