* Ni tilsette kan bli oppsagt i pleie- og omsorgssektoren i Naustdal.
*
Sjukeheimsavdelingane blir redusert frå 28 til 22 sengeplassar.
*
Det blir fleire pasientar på kvart rom.
A1 avslutta konsertane under Veka 2010 med å spele to gonger for fullt hus.
Sjå biletserie
Video_import Sjå videoen der Halvard Huus kastar kokande vatn opp i lufta, og vips har han laga sin eigen snø. Video: Runar Sandnes
Les meir| Kjell Aga Ulvestad | |
| Publisert 28.11.2006 kl 09:52 Oppdatert 28.11.2006 kl 12:43 |
Rådmann Anna Elisa Trytis budsjettforslag for 2007 viser at Naustdal er inne i ein økonomisk unntakstilstand dei komande to åra, med kutt som vil merkast av innbyggarane og ikkje minst dei tilsette.
Ved Naustdal sjukeheim vil ho spare inn 5,2 årsverk ved å slå sjukeheimsavdelingane saman til ei avdeling, redusere sengetalet frå 28 til 22, samle pasientane på to etasjar, redusere dag- og kveldsvakter og legge fleire pasientar på kvart rom.
-Eg skal gjere det eg kan for at Naustdal kommune blir ein god arbeidsgjevar i denne perioden, men eg kan ikkje love at det ikkje blir oppseiingar. Skal vi få effekt av tiltaka kan vi ikkje køyre vidare med like mange tilsette som i dag, seier Tryti.
Ni årsverk
Ho vil skåne dei fast tilsette i første omgang, men dei må vere budde på også å jobbe i den opne omsorga.
Men også innan Open Omsorg vil ho kutte, 1,2 årsverk. Det skal skje med redusert heimehjelp ein dag i veka, ikkje heimehjelp i ferien, endre turnus og vakttider og justere kvalitetstandardene.
Og ved å redusere stillingar ved vaskeriet og kjøkkenet, og ved redusert behov for reinhald ved sjukeheimen, skal det sparast eitt årsverk. Det blir også lagt opp til at det kanskje kan sparast inn ei nattevakt ved heimetenester for funksjonshemma.
Administrasjonen ved sjukeheimen skal reduserast frå fire til tre avdelingsleiarar.
Tilsamen blir dette ein reduksjon på 8,6 stillingar.
Krevande budsjett
-Det er eit veldig krevande budsjett, der vi spesielt innan pleie og omsorg, skule og tekniske tenester balanserer på grensa til det etisk og fagleg forsvarlege. Vi vil følge situasjonen tett. Vi merker fort når dei raude varslingslysa blinker, og vil ta problema etter kvart som dei kjem, seier Tryti.
Problem som kan dukke opp, er inntakskø på sjukeheimen, og at heimesjukepleien får fleire tyngre pasienter.
Rådmannen synest det er sørgeleg at Naustdal må gå tilbake til ei ordning med fleire pasientar på kvart rom. Men det er ikkje berre negativt.
-I forhold til kvaliteten på pleien er det ikkje negativt å gje opp einmannsrom. Då får pasientane oftare kontakt med pleiarane. Eg trur dette vil bli opplevd vel så ille for dei pårørande som pasientane, seier ho.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt