Kalla politi «purkehore»

fekk sju månader i fengsel

Ein mann i byrjinga av 40-åra er i Fjordane tingrett dømd til sju månader fengsel etter at han sist vinter truga og kalla fleire politibetjentar då dei tok kontakt med han.

Publisert 06.11.2006 kl 08:47 Oppdatert 06.11.2006 kl 08:54

Tips ein venn på e-post:


Politiet hadde blitt kontakta av personar som følte seg truga av mannen i sentrum i ein Sunnfjordby.

Mannen hadde alkoholforbod i prøvetida etter ein tidlegare dom. Då politiet tok kontakt med han, kalla han betjentane, og brukte ord som «purkehore» og «muslimfitte».

Undervegs til politistasjonen truga han ein annan politibetjent. Han sa mellom anna at han skulle drepe både politibetjenten og familien hans.

Den dømde er tidlegare straffedømd fire gonger i Norge, og fleire gonger i eit anna nordisk land.

Retten framhevar at det i tråd med rettspraksis og av allmennpreventive grunnar bør reagerast strengt mot alvorlege truslar mot offentleg tenestemann.

Samstundes meiner retten at ein dom utan vilkår fullt ut vil ha avgrensa effekt på tiltalte. Det vil også kunne påverke hans jobbsituasjon.

Mannen vart derfor dømd til sju månader fengsel, der fire av dei er på vilkår. Han fekk ei prøvetid på tre år, og må betale 2000 kroner i sakskostnader.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.