Med ein meir «laidback» stil enn tidlegare, vil det neppe lukte svidd under platesleppet til Kruttrøyk fredag.
Men vokalist Jens P. Dyrdal lovar melodiøs, dansbar musikk på den nye plata «Kuler og Krutt».
-Det som er heilt nytt, er at vi syng på vårt eige mål, på sunnfjorddialekt. Men stilen er framleis Kruttrøyk sin eigen, fortel Dyrdal.
Å gå frå å utrykkje seg på engelsk til sunnfjordsk, er eit val bandet har gjort av fleire grunnar. Sunnfjord-bandet har knytt til seg tekstforfattaren Connie Hamre, som skriv tekstar på dialekt.
Norsk eit kriterie
I tillegg kjem den nye plata ut på selskapet Tylden & co, som er kjent for å utgi artistar som syng på norsk.
-Det er vel nesten eit kriterie å syngje på norsk på dette plateselskapet, ler Dyrdal.
«Kuler og Krutt» skal lanserast i heile Norge. Det startar med lokalt plateslepp på Treskeværket i Førde førstkomande fredag, før eit nasjonalt plateslepp på danskebåten Stena Line neste onsdag - eit såkalla Tylden-cruise.
Eit steg vidare
-Å verte lansert i heile landet er eit steg vidare for oss. Førebels har vi alle annan jobb ved sida av spelinga, men målet er å kunne leve av musikken etterkvart, seier Dyrdal.
Kruttrøyk gav ut plata «Kruttrøyk» i 2003, eit sjølvfinansiert prosjekt, trykt opp i 1000 eksemplar, for sal i Sogn og Fjordane. Publikum let vel om plata, som også la grunnlaget for platekontrakta med Tylden & co.
-Vi er nokre år eldre no, og musikken vår er litt meir «laidback» enn tidlegare. Eg gler meg til fredag, men er litt spent på korleis publikum vil ta imot oss, avsluttar Kruttrøyk-vokalisten.