Nei til gigantfest for 2000 russ

Med Simon Vie i spissen ønskjer ei gruppe privatpersonar å arrangere diskotek og fest i og rundt Utstillingshallen natt til 17. mai. Men rådmannen i Førde seier nei.

Publisert 09.05.2006 kl 12:34 Oppdatert 10.05.2006 kl 14:56

Tips ein venn på e-post:

...
16. MAY-PARTY: Arrangørane Anders Pettersen (t.v.) og Simon Vie ønskjer saman med Førde-russen å samle 2000 russ frå heile fylket til gigantfest på Utstillingsplassen i Førde. Foto: Vidar Gudvangen

2000 russ og andre ungdommar er målgruppa.

Rådmann Ole John Østenstad vender tommelen ned. Han meiner Utstillingshallen ikkje er trygg nok og at russefeiringa ikkje bør kommersialiserast.

– Det vil vere direkte bittert om dette går i vasken. Og det vil vere veldig trist for foreldra, etter som vi prøver å få til eit rusfritt arrangement. Men vi har ikkje gitt opp håpet. Vi kjem til å klage på rådmannens avgjerd, seier Simon Vie som er ein av fire initiativtakarar.

– Vi er ikkje fornøgde med tryggleiken rundt Utstillingshallen, seier rådmann Ole John Østenstad, som svar på kvifor han set foten ned for ungdomsfesten på Festplassen.

– Vi er klar over stoda som er i bygget, legg han til.

Rådmannen seier også at han er svært skeptisk til at det blir eit samlingspunkt med så mykje folk på èin plass i Førde sentrum.

– Vi har stilt spørsmål om det er lurt å gjere dette, fordi vi er redde for meir bråk og uro, seier han.

Østenstad synest russen tidlegare har organisert feiringa greitt på eiga hand.

– No er det snakk om inngjering og kommersialisering. Russen bør få bruke Tangen utan at det blir kommersialisert, meiner rådmannen.

– Vie seier at han hadde fått positive signal både frå Øberg og politiet. Har du hatt kontakt med dei i forhold til saka?

– Eg og Øberg har diskutert saka, og vi er einige, seier Østenstad.

Rådmannen snakka med Simon Vie i går, og sa frå om at han står fritt til å klage til formannskapet, slik at dei kan sjå på saka uavhengig av kommuneadministrasjonen.

Ei eventuell klage blir handsama i formannskapet allereie torsdag.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.