Sovna i vilt framandt hus

Politiet måtte hente unggut.

DEL

Beburarane i eit privathus i Førde fann i halvseks-tida laurdag morgon ein framand, rusa og sovande ungdom i stova si.

Ungguten bur i ein annan kommune, var heilt ukjend for dei som budde i huset, hadde heller ikkje noko der å gjere, og hadde teke seg inn i huset utan løyve. Politiet rykte ut og tok hand om han, og tok deretter kontakt med foreldra hans.

Operasjonsleiaren ved politidistriktet ser ikkje bort frå at hendinga har samanheng med «Bli kjend»-festen som samla mykje ungdom i Førde natt til laurdag.

– Den tilstellinga var som ein magnet, seier politiet.

Artikkeltags