...
F.v: Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg var begge tilstades under Helse Førde sitt styremøte fredag 26. august. Foto: Helge Johnsen

Helse Førde: - Ingen pasientstraum ut av fylket

Folk i Sogn og Fjordane føretrekk behandling ved dei tre sjukehusa i eige helseføretak.

Helge Johnsen
Helge Johnsen Profil E-post
Cato Husabø Fossen
Cato Husabø Fossen Profil E-post
Publisert 26.08.2011 kl 13:50 Oppdatert 26.08.2011 kl 14:43

Tips ein venn på e-post:


Styret i Helse Førde var fredag føremiddag samla til styremøte ved Førde sentralsjukehus. Styreleiar Clara Øberg var då klar på ho ikkje ynskja å gå inn på nokon debatt om kommunelegane i Nordfjord sin handlemåte, i samband med dei nyleg avslørte feiltilvisingane til Volda sjukehus.

- Vi i Helse Førde skal konsentrere oss om å ha gode faglege tilbod ved våre tre sjukehus, slik at pasientane vel oss fordi dei får god behandling, slår Øberg fast.

Ho kunne leggje fram tal som syner at 80 prosent av pasientane i Sogn og Fjordane i dag vert behandla i eige helseføretak, altså anten i Førde, Lærdal eller på Nordfjordeid. Noko som også inneber at akkurat 20 % vel å reise ut av fylket for behandling.

- 16-17 prosent av dei pasientane som reiser ut av fylket skal gjere det uansett, fordi det er faglege grunnar til det, seier Øberg. Dette er noko som vert praktisert i alle helseføretak, og gjer at ein står att med 3-4 prosent som aktivt ynskjer behandling ein annan stad enn ved eit av dei tre sjukehusa i Sogn og Fjordane.

- Eg reknar med at dei utslaga som no måtte vere i pasientstraumane etter kvart vil normalisere seg, når folk si merksemd meir rettar seg mot kvar tilboda finst og kvar ein får best behandling med kortast ventetid, seier Øberg.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.