Bedrift har endeleg bestemt seg for å byggje fabrikk.
– Vi har komme så langt med utviklinga av teknologien, at vi er trygge nok til å gå vidare med planane, seier administrerande direktør Tor Geir Engebrektsen i Nordic Power Systems AS (NPS).
Utfordrande teknologi
I dag vart det nemleg klart at NPS vel å gå vidare med planane om å byggje fabrikken på Kyrkjebø, der dei skal produsere brenselsceller ved hjelp av heilt ny teknologi.
– Ny teknologi tek alltid lang tid å utvikle. Det har vore mange motbakkar, seier Engebrektsen, om utviklinga av brenselcellene som skal kunne nyttast som drivstoff i mellom anna køyretøy. Han fortel at den største utfordringa dei siste 3,5 åra har vore å få teknologien til å fungere.
Håp om 100 tilsette
Det er det statlege SIVA som no skal byggje fabrikken til NPS ved Tronvik på Kyrkjebø.
Ifølgje Engebrektsen vil den nye fabrikken vere ferdig i 2012, men verksemda vil starte aktiviteten før dette.
– Vi startar opp i midlertidige lokale i Høyanger. Nokre tilsette frå Høyanger skal få opplæring i Porsgrunn, slik at vi gradvis kan komme i gang med aktiviteten. Når fabrikken står klar i 2012, så vil vi ha 20–25 personar i arbeid i første omgang. Går vi godt treng vi 60–80 tilsette. Viss vi går riktig godt, vil vi kanskje komme opp i 100 tilsette, seier Engebrektsen.