– Det nye styret vil jobbe hardt for å halde ved like medlemsauken og sørgje for å halde på beina eit sterkt lag for liberal ungdom i fylket, seier Aleksander Nygaard Åsnes (19).
Førdianaren er nyvald fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre, som i helga heldt årsmøte i Førde.
Trass i eit skuffande valresultat for moderpartiet i haust, har ungdomspartiet opplevd medlemsauke og gode skulevalresultat, heiter det i ei presseemelding frå årsmøtet.
– Den viktigaste oppgåva fram mot lokalvalet i 2011 vert å sørgje for at vi har eit aktivt ungdomslag der engasjert venstreungdom kan yte sitt for at Venstre skal gjere eit knakande godt val, seier Åsnes.
Større kommunar
Den nyvalde fylkesleiaren trur visjonen om Sogn og Fjordane som eit framtidsfylke kan verte sanning, men då meiner han det krevst at ein vågar å ta grep.
– Vi må spørje oss sjølve kvifor folk flyttar i frå det flotte fylket vårt. Eg trur arbeidsplassar er nøkkelen. Vi må klare å leggje til rette for eit levande næringsliv som kan skape morgondagens arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.
Visjonen om framtidsfylket må vere ein visjon om eit miljøvenleg og nyskapande fylke som kan sikre folk arbeid der dei bur. Då må vi også vurdere om det kanskje ikkje er på tide å sjå på kommunestrukturen vår.
Ein føresetnad for å snu flyttestraumen i positiv retning er at vi legg opp til store og robuste kommunar som klarer å tilby folk arbeid, utdanning og velferdsordningar der dei bur.
Styret
Etter årsmøtet i helga får Alleksander Nygaard Åsnes med seg desse i Unge Venstre-styret i Sogn og Fjordane: Nestleiar Merete Kulset (Årdal), økonomiansvarleg Odd Bovim (Florø), og styremedlemmer Nora Synneva Vigen (Årdal), Sigve Taklo (Leikanger) og Halvor Gregusson (Sogndal).