Send til Haukeland etter ulykke

Mann skal ha falle fleire meter.

DEL

Ein mann er send til Haukeland universitetssjukehus søndag kveld etter ei ulykke. Det stadfestar AMK i Førde, som også opplyser at tilstanden hans er stabil.

Politiet i Sogn og Fjordane kunne ikkje seie noko om kva som hadde skjedd. Det kunne heller ikkje AMK. NRK Sogn og Fjordane skriv at mannen har vore i ei fallulykke på Jostedalsbreen, der han skal ha falle fleire meter ned fjellet.

Artikkeltags