Bil utfor vegen like ved sjukehuset.
Ein bil køyrde utfor vegen like før krysset ved Angedalsvegen og Vievegen. Politiet fekk melding om uhellet kl 14.33.
– Ein bil med ein person har køyrt utfor vegen, stadfestar Inge Værøy i Politiet.
Det er førebels ikkje noko som tyder på at det er alvorlege personskadar.
– Nødetatane er på staden, seier Værøy.
Ein person er send til sjukehuset for sjekk.
Saka vert no etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor. Årsaka til ulukka er førebels ukjend.