...
Foto: Arne Stubhaug

Protestar mot vegfreding

Fem kommunar protesterer kraftig mot freding av svingete vegstrekningar.

Publisert 29.09.2009 kl 14:18 Oppdatert 29.09.2009 kl 14:48

Tips ein venn på e-post:


Kommunane Solund, Ullensvang, Jondal, Vaksdal og Risør protesterer kraftig mot freding av fire svingete vegstrekningar som vert omfatta av den nasjonale verneplanen for vegar, bruer og andre kulturminne med tilknyting til vegane.

Protestane er komne etter at Riksantikvaren tidlegare i år varsla freding av til saman 66 vegar i Statens vegvesen sin verneplan.

I Solund er det snakk om freding av riksveg 606 mellom Krakhella og Hardbakke. Vegstrekninga vert hevda å ha nasjonal verneverdi fordi den er «tidstypisk for 1950- og 1960-talet, og viser samferdslehistorie som tilknytingsveg med viktig overgang frå sjø- til landferdsle og er eit eksempel på vegutløysing i kyststrøk.»

- Det er eit fellestrekk at samtlege av desse kommunane fryktar at ei freding av vegen vil leggje begrensningar på utviklinga av lokalsamfunna, skriv Statens vegvesen.

Dei sterke innvendingane frå dei fem kommunane fører til at forslaga om fredning skal drøftast på nytt med kommunane, får NTB opplyst i Statens vegvesen.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.