Vil ikkje ha bompengar på nyevegen Nordfjord – Volda

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) vil gjere den nye Kvivsvegen mellom Hornindal og Volda bompengefri.

Publisert 28.03.2008 kl 10:11 Oppdatert 28.03.2008 kl 10:17

Tips ein venn på e-post:

Vegen som skal gjere strekninga Nordfjord – Volda ferjefri, ligg inne i framlegget til Nasjonal transportplan og skal etter planen ha byggjestart i løpet av 2008. Vegen skal stå ferdig i 2012.

Éin føresetnad

No vil Navarsete vil kutte ut dei planlagde bompengane på Kvivsvegen, under føresetnaden at Kvivsvegen A/S aksepterer at 45 millionar kroner i innsamla aksjekapital kan brukast til forskotering og tilbakebetalast om 10-15 år, skriv Fjordingen.

– Ideen til dette kom frå Vegdirektoratet og eg har brukt noko tid til å vurdere saka. Konklusjonen min og i Vegdirektoratet er at dette vil vere svært positivt for vegprosjektet. Bompengedelen var uansett berre ti prosent. Vi vurderer ulempene ved bompengar til å vere større enn nytten, seier samferdsleministeren til avisa.

To nye samband

– Svært positivt, seier ein letta Svein Sunde, styreleiar i Kvivsvegen A/S.

Når Kvivsvegen står ferdig, kan bilistar køyre ferjefritt heilt frå Ulstein på Sunnmørskysten, til Hornindal, etter at det nye Eiksundsambandet til Ørsta stod klart til bruk tidlegare i vinter.

...
Foto: Astrid Iren Solheim
...
Foto: Statens vegvesen


På forsiden nå


...

Heim til Sunnfjord i helga?

Nyhende Firda vel ut tre som får gratis flybillett Oslo- Førde laurdag og tilbake søndag Les meir

Dagens avstemming

Kjem du til å sakne geitene i Våtedalen i sommar?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 259

...

FSS-utbygging for ein milliard

Nyhende Men det kan kome til å ta 20 år. Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.