Falsk fotoboks imponerer vegvesenet


Kreative sjeler skremde morgontrøtte bilistar i Sunnfjord. – Eit imponerande stykke arbeid, kommenterer senioringeniør i Statens vegvesen.

Publisert 02.10.2006 kl 19:49 Oppdatert 03.10.2006 kl 15:04

Tips ein venn på e-post:

...
KREATIVT: Med dei riktige detaljane og infrarød skjerm på «linsa» har kreative sjeler gjort seg flid med den heimelaga fotoboksen. Foto: Vidar Gudvangen
...
ORIGINALEN: SLik ser dei ekte fotoboksane i Naustdalstunnelen ut. Foto: Kjell Aga Ulvestad

Fartskontroll

Burde det vore fleire fotoboksar på norske vegar?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 859


Det såg ut til å vere Førdes første fotoboks, innretninga som måndag morgon var sett opp langs vegkanten på riksvegen frå Kronborg til Vie, eit par hundre meter frå E39 i Førde.

– Den såg ekte ut, det var mange som bremsa kraftig då dei såg boksen, fortel ein bilførar til firda.no.


Les også:

Han passerte «fotoboksen» på veg til jobb måndag morgon og reagerte instinktivt.

Og fotoboksen som slett ikkje var Vegvesenet sin, har gjort inntrykk også innan vegetaten. Der har bilete av fotoboksen gått sin sigersgong på e-post i løpet av måndag.


– Imponerande

– Det er gjort eit imponerande stykke arbeid. Den er ganske naturtru, seier senioringeniør Lars Arild Bråtveit i Statens vegvesen region vest, til firda.no.

Med base i Stavanger er han blant dei fremste på automatisk trafikkontroll på Vestlandet. Han kjenner ikkje til liknande tilfelle, heller ikkje på landsplan.


– Slankare enn våre

– Dimensjonen på boksen er ikkje aller verst. Den verka litt slankare enn boksane våre, og truleg hadde ein boks frå oss vore heilt grå, og gjerne plassert litt nærmare vegen. Men eg har stor forståing for at den kunne sjå ekte ut på førehand, kommenterer Bråstad.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.