Reiselivsprisen gjekk til det æreverdige hotellet på Sandane.
Gloppen Hotell gjekk heilt til topps då den mest innovative reiselivsverksemda i Sogn og Fjordane skulle kårast. Prisen på 50.000 kroner frå Sparebanken Vest vart delt ut på reiselivskonferansen «Fjordane frå bre til hav» i Loen fredag 3. februar. Det melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding fredag ettermiddag.
Avrøysting
Kåringa vart avgjort ved avrøysting. Det var seks finalistar, og Gloppen Hotell ved eigarane Irene og Dag Moen, stakk av med sigeren. Dei blir no Sogn og Fjordane sin kandidat til den nasjonale reiselivsprisen, som skal delast ut til hausten, melder dei.
Konkurrentane var Flåmsbrygga & Ægir Bryggeri, Åmot Operagard, Jostedalen Breførarlag, Knutholmen og Kviknes Hotell.
Juryen skriv følgjande om vinnaren:
"Gloppen Hotell har bevist at godt vertskap er lønsamt. Med nybygde gjesterom, konferanseavdeling og kjøkken, kan dei i dag ønskje fleire gjester velkommen til staden som engelske lakselordar oppdaga for meir enn 100 år sida. Før utbygginga bidrog dei til lokal verdiskaping med vel 14 millionar i omsetning og 11 arbeidsplassar.
Som gjest ved Gloppen Hotell forstår du kva det vil seie å nyte maten. Kjøkkensjefen på hotellet, Bodil Fjellestad, har løfta satsinga på lokale råvarer og lokale mattradisjonar heilt til topps i konkurranse med andre reiselivsbedrifter i Noreg.
Like før jul vant laget Vestpå Det Norske Måltid, kor juryen peika på at desserten til Bodil gjorde utslaget! Satsinga på lokalmat har også gjort dei til vinnarar av Ganefart og i tillegg kan dei smykke seg med kvalitetsstempelet Norwegian Foodprints. Som ein av dei første medlemmane i De Historiske Hotell og Spisesteder, veit dei å legge vekt på vertskapsrolla, formidling av lokal kulturhistorie gjennom historiefortelling og gastronomi."
Jostedalen breførarlag og Knutholmen fekk heiderleg omtale.