...
Norleif Stuhaug (t.v.) og Kjell Ove Høydal (t.h.) er tilsette ved Warren Bank sitt kontor i Førde. I midten Jan Inge Søreide Foto: Per Kristian Lie Løwe

Opnar bank for velståande

Investeringsbanken Warren etablerer seg i Førde.

Publisert 17.11.2010 kl 15:00 Oppdatert 17.11.2010 kl 15:03

Tips ein venn på e-post:



Investeringsbanken Warren Bank AS opnar meklaravdeling i Førde 15. desember, og blir den første i sitt slag på Vestlandet utanfor Bergen og Stavanger.

- Sogn og Fjordane har til dels spredd busetnad og mange mindre stader, men utgjer til saman ein marknad på storleik med ein større norsk by og regionen er i betydeleg vekst, seier adm. dir. Lars Fossen i Warren i ei pressemelding.

Vil fylle eit hol
I pressemeldinga vert det peikt på at det er mange tradisjonelle bankar i Sogn og Fjordane, men at ingen meklarhus, investeringsbankar og kapitalforvaltarar har etablert seg i fylket.

- Dette holet i denne delen av landet har vi tenkt å fylle, seier Fossen.

Han fortel at banken skal vende seg til velståande privatpersonar og mindre og mellomstore selskap og institusjonar.

Erfaring frå lokal bank
Norleif Stuhaug og Kjell Ove Høydal er tilsette ved kontoret i Førde, som i første fase vil ha fokus på aksjemekling og finansiell rådgjeving.

Stuhaug blir leiar av kontoret i Førde. Han har dei siste ni månadene vore tilsett som seljar for Norkapital i Førde. Før det har han arbeidd i fem år som valuta- og aksjemeklar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og i to og eit halvt år som som økonomisjef i O. Tenden Holding AS.

Høydal har også vore tilsett som seljar for Norkapital i Førde dei siste ni månadene, og var før det tilsett som valuta- og aksjemeklar i Sparebanken Sogn og Fjordane i over fem år.

Dei største aksjonærane i Warren AS er Peter C. Warren, Ola Sundt Ravnestad, Odd Arne Pedersen, Stein Erik Hagen ved Canica AS, Møllerfamiliens investeringsselskap Katalysator AS og Totens Sparebank.

På framsida no


...

Spelte på koreansk gutelag

To jenter frå Førde fekk eit Norway cup-eventyr utanom det vanlege. Dei fekk bryne seg på gutelaga i 14-årsklassen.

...

Kan få fiber i luftspenn

I haust blir det tildelt nye midlar for utbygging av breiband. Det kan gje breiband i luftspenn på Værlandet og i Bulandet.

...

Kultursjef gjev ut sin eigen musikk

– Å halde på med musikk gjev meg ekstra energi og glød i kultursjefjobben, som nokre gonger kan vere ganske tøff.