...
Ein kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane har komme med motkrav på fire millionar kroner mot banken etter å ha tapt mykje på valutaspekulasjonar gjennom banken. Foto: Bent Are Iversen

Krev 4 millionar av banken

Kunde med motkrav mot Sparebanken Sogn og Fjordane etter milliontap på valutaspekulasjon.

Publisert 01.09.2010 kl 10:15 Oppdatert 01.09.2010 kl 10:46

Tips ein venn på e-post:


Ein kunde som tapte 3,5 millionar kroner på valutaspekulasjon har komme med motkrav mot Sparebanken Sogn og Fjordane, skriv Finansavisen.

Les også: Satsa ein million – tapte tre

Finanskrisa
Kunden som er busett i Nordfjord satsa ein million kroner i 2005, og denne eigenkapitalen gav mannen i 50-åra høve til å handle valuta for inntil 10 millionar kroner gjennom Sparebanken Sogn og Fjordane.

Handelen gjekk opp og ned dei første åra, men tilbakeslaget kom med finanskrisa og valutauroa hausten 2008.

Mannen tapte millionen han først satsa og deretter tapte han 2,4 millionar kroner til.

Kjende seg rundlurt
Kunden sa til Firda hausten 2009 at han kjende seg rundlurt og dolka i ryggen av banken, og kritiserte banken for manglande oppfølging og for ikkje å ha varsla han då eigenkapitalen nærma seg oppbrukt.

Mannen å betale kravet frå banken, og kjem med eit motkrav mot banken.

- I juni levert vi forliksklage til Førde forliksråd, seier advokaten til mannen, Thor Bendik Berg i Blehr & co til Finansavisen.

Kravet er at banken dekkar dei 3,5 millionane kunden har tapt, i tillegg til ein halv million knytt til ein annan transaksjon.

- Hadde ikkje konsesjon
Påstanden frå advokaten til kunden er at heile tapet kan forklarast med manglande kompetanse, manglande rutinar og manglande oppfølging av dei pliktene som banken hadde tatt på seg.

- Arbeid med saken har avdekka at banken frå oppstart av engasjementet, og i store delar av engasjementsperioden, ikkje hadde konsesjon til å drive investeringstenester i valuta overfor kundar. Banken fekk konsesjon etter kvart, men det er avdekka at valutahandelverksemda er driven i fleire år utan konsesjon, seier Berg.

Han viser til at opplysningar frå Kredittilsynet viser at banken først fekk konsesjon til å drive valutahandel i mai 2007, mens mannen frå Nordfjord begynte å handle med valuta gjennom Sparebanken Sogn og Fjordane i 2005.

Behandling i retten
Sparebanken Sogn og Fjordane stadfestar overfor Finansavisen at dei har svart på forliksklagen.

- Men det er store sjansar for at saka blir sendt vidare til behandling i retten, seier Kjetil Bjørset, som er direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane og ansvarleg for valutahandelen til banken.

Han viser til teieplikta og vil ikkje kommentere den aktuelle saka.

Mest lese no

...

Bil gjekk nesten i sjøen

Nyhende Måtte sikrast med kjetting. Les meir

...

Stengde hotell på dagen

Nyhende Branntilsynet: – Sjeldan at vi krev stenging på dagen. Les meir

...

Dette får din kommune

Nyhende 7,9 millionar kroner er fordelt på kommunane i fylket. Les meir

...

Trugar staten med rettssak

Nyhende 420 kV-linja kom som ei bombe på innbyggjarar. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.