...
MØLLE-TEKNOLOGI: Måløy blir senter for utvikling og testing av vindmøller til havs. Her ser ein ei skisse av korleis verdas, til no, største vindmøllepark til havs er tenkt på britisk sokkel, der Statoil er involvert. Illustrasjonsfoto Foto: Sway/Statoil

Måløy blir senter for havmølleparkar

Sikkerhetssenteret i Måløy underteikna tysdag ein avtale for å utvikle senteret til eit nasjonalt senter for utvikling og utdanning innan installasjon, drift og vedlikehald av havmølleparkar.

Kjell Aga Ulvestad E-post
Publisert 02.03.2010 kl 13:45 Oppdatert 02.03.2010 kl 14:10

Tips ein venn på e-post:

...
DELER UT: Fylkesordførar Nils R. Sandal og bedriftsleiar Trine Lerum Hjellhaug sit i styret som skal fordele 25 forskingsmillionar på Vestlandet i år. Arkivfoto Foto: Bent Are Iversen

– Det er svært gledeleg å sjå at satsinga Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort på å byggje opp eit førsteklasses simulatormiljø ved Sikkerhetssenteret i Måløy no får gjennomslag nasjonalt, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

Fylkesordføraren peikar også på at Sikkerhetssenteret er ein del av eit større teknologimiljø i Måløy retta inn mot offshore vind.

Sikkerhetssenteret i Måløy har ein av Norge sine mest avanserte 360-graders skipssimulatorar, og har utvikla realistiske simuleringsmiljø for fullskala vindparkar til havs. Her er det mogleg å teste ut alle typar marine operasjonar knytt til offshore vindkraft.

Intensjonsavtalen vart signert i Måløy i samband med Vindkraftforum 2010, arrangert av Vindkraftforum Sogn og Fjordane. Det var senterdirektør John Olav Tande ved Nowitech og fylkesordførar Nils R. Sandal som underteikna intensjonsavtalen.

Nowitech (Norwegian Research Centre for Offshore Wind Technology) er eit av dei nasjonale forskingssentra for miljøvennleg energi som vart oppretta av Regjeringa i 2009.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.