...
Gustav Johan Nydal flyttar til Canada for å jobbe som administrerande direktør for skipsverftet Davie Yards. Foto: Knut Magnussen

Blir sjef for kanadisk verft

Gustav Johan Nydal skal leie 1800 tilsette i eitt av dei største skipsverfta i Nord-Amerika.

Publisert 15.01.2010 kl 08:53 Oppdatert 15.01.2010 kl 09:45

Tips ein venn på e-post:

...
Steinar S. Kulen. Foto: Knut Magnussen

Gustav Johan Nydal (49) frå Florø er tilsett som ny administrerande direktør for det kanadiske skipsverftet Davie Yards Inc.

Nydal tek over for Steinar S. Kulen, som går over i rolla som styreformann i selskapet. Dei to tek til i sine nye roller 15 februar i år.

Skipsverftet Davie ligg i byen Lévis i Quebec i Canada, og har rundt 1800 tilsette. Verftet har for tida fem skip under bygging, og har dei siste to åra vore leia av Steinar Kulen.

- Eg føler det er rett tidspunkt å overlate den daglege leiinga til nokon andre, og eg er glad for at Nydal blir med på laget. Davie treng ein administrerande direktør som kan jobbe ved verftet i Lévis på fulltid. Det er ikkje mogleg for meg å kombinere med familiesituasjonen min, seier Kulen i ei pressemelding.

Han og Nydal har tidlegare samarbeid i verftsindustrien i Norge, og begge har vore direktør for verftet i Florø. Nydal var administrerande direktør for Kleven Florø frå 2001 fram til Aker Yards kjøpte verftet i 2006. Steinar S. Kulen tok då over som administrerande direktør for Aker Yards Florø, og var i denne stillinga fram til sommaren 2007.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.