Bulandet Fiskeindustri krev millionar etter oljeleiting

Seismikkskyting i samband med leiting etter nye olje- og gassfelt har skremt fisken bort frå kysten. Det hevdar Bulandet Fiskeindustri som har fremja millionkrav mot staten.

Publisert 21.01.2009 kl 15:09 Oppdatert 21.01.2009 kl 15:09

Tips ein venn på e-post:

...
LITE FISK: Per Arild Tysse og Bulandet Fiskeindutri krev erstatning frå staten. Foto: Ingunn Osland

Fiskeprodusenten i Bulandet i Askvoll krev 8,4 millionar kroner i erstatning på grunn av seismikkskyting i perioden 2006-2008. Bakgrunnen er tap av seifangst.

Dette er truleg det største erstatningskravet av denne typen som nokon gong er fremja i Norge, skriv FiskerbladetFiskaren på nett.

Fisken er borte

Geir Ove Ystmark i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening seier til avisa at han meiner Bulandet Fiskeindustri har fremja eit godt dokumentert krav.

I treårsperioden 2006-2008 fekk bulendingane tilgang til over 4.000 tonn mindre sei enn perioden 2003-2005. Årsaka er seismikkskytinga på fiskefelta i sør, hevdar verksemda.

– Det er blitt færre fiskebåtar, men dei har større kvotar dei som er att. Og havforskarane seier at det skal vere mykje sei i sjøen, men fiskarane finn ikkje seien, seier Per Arild Tysse ved Bulandet Fiskeindustri, til FiskarbladetFiskaren.

Sprengte vest av Bulandet

Han trur at nedgangen starta alt i 1985. Garnbåtar som tidlegare fiska på Vikingbanken har sidan den gong ikkje funne sei i gytetida

– Dette er data som Fiskeridirektoratet sit på og som burde vore analysert og vurdert opp mot oljeaktiviteten, meiner Tysse.

Han stiller seg tvilande til om petroleumsindustrien rapporterer verksemda si på ein korrekt måte.

– Vi har henta inn data over seismisk aktivitet i perioden 1979-2008. Aktiviteten har vore høg, men det er ikkje mogleg å sjå når og kvar i løpet av året aktiviteten har føregått. Til dømes viser kartet over 2008 viser det ingen aktivitet vest av Bulandet. Då seifisket skulle starte i vår, fekk vi tilbakemelding frå fiskarane at det var ingen fisk å sjå og at det ikkje var så rart då det låg seismiske fartøy på feltet og sprengde, seier Tysse.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.