...
Randi Førsund. Foto: Jens Hauge

– 7 av 10 etablerar-stipend går til kvinner

Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane slår tilbake mot kritikken frå Randi Førsund dagen før kvinnedagen.

Publisert 07.03.2008 kl 14:36 Oppdatert 07.03.2008 kl 15:10

Tips ein venn på e-post:

...
KRITISERTE: Randi Førsund gjekk hardt ut mot Innovasjon Norge og fylkesdirektør Halvor Flatland i Firda 3. mars. Foto: Firda 3. mars (faksimile)
...
INGEN TILLIT: Randi Førsund kritiserte Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane for å satse for lite på kvinner. Foto: Johanne Viken Sandnes (arkivfoto)
...
DØME 1: Innovasjon Norge Sogn og Fjordane brukar tilskotet til Transplant Live as ved Birgitta Ralston i Ralston & Bau som døme på kvinnesatsinga. (T.v.: Alexandre Bau). Foto: Oddleiv Apneset
...
DØME 2: Gründer Anne-Mette Hjelle er døme på dei som har fått hjelp av Innovasjon Norge Sogn og Fjordane til programmet «Mangfald i leiing». Ho møtte Førsund til debatt på radio tidlegare i veka. Foto: Oskar Andersen

I ei fersk pressemelding går det fram at kvinner utgjorde nesten 70% av dei som mottok etablerarstipend frå Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane i 2007.

– Det viser seg vidare at kvinner får like store tilskot som menn innan ordningane etablerarstipend og bedriftsutviklingstilskot, skriv Innovasjon Norge på nettsidene sine.

Dermed brukar fylkesdirektør Halvor Flatland statistikkar for å slå attende mot kritikken frå kulturentreprenør Randi Førsund dagen før den internasjonale kvinnedagen.


Kritiserte jentetreff

Det var i avisa Firda 3. mars at Randi Førsund kritiserte Innovasjon Norge sitt jentetreff i Sparebanken Sogn og Fjordane på den internasjonale kvinnedagen 8. mars. Seinare møtte ho gründer Anne-Mette Hjelle til ein oppehta debatt på radio på NRK Sogn og Fjordane, der Førsund gjentok at ho aldri har høyrt eller sett noko til kvinnesatsinga til Innovasjon Norge.

– Eg lurer på kven dei er, kvinnene dei satsar på. Kva budsjett har dei? undra Førsund, som sa at kvinner lett vert skvisa når ein kjem opp på eit høgare nivå enn å etablere butikkar.

Overfor Firda karakteriserte Førsund jentetreffet som «Jenteklubben Grei», og meiner tilskipinga i banken fortel at det er vågalt å starte butikk eller andre ufarlege «typiske kvinneting».

– Dersom ein snakkar om litt større pengesummar, merkar ein at ein konkurrerer med menn. Då vert ein lett latterleggjort, hevda Førsund, som har slite med å finansiere eit filmprosjekt ho brenn for.


På landstoppen

Men i pressemeldinga slår fylkesavdelinga til Innovasjon Norge tilbake mot kritikken, og skriv at Kommunal og regionaldepartmentet har som mål at 40 % av dei næringsretta verkemidla i distrikts- og regionalpolitikken skal treffe kvinner innan 2013.

I Sogn og Fjordane har Innovasjon Norge nådd desse måltala då 43 % av dei distriktsretta midlane i 2007 har gått til kvinneretta prosjekt. Dette omfattar verkemidla distriktsretta risikolån, bedriftsutviklingstilskot, investeringstilskot og etablerarstipend.

– Statistikken omfattar ikkje berre etablerarar som startar eigne bedrifter. Prosjekt vert rekna som kvinneretta når prosjektet skal auke kompetansen til kvinnelege tilsette, når kvinner utgjer meir enn 30 % av styremedlemmer eller i leiinga til søkarbedrifta, eller når prosjektet bidreg til å auke tal kvinnelege eigarar, styremedlemmer, leiarar eller prosjektet er spesielt retta mot å auke tal sysselsette kvinner, skriv Innovasjon Norge.

Totalt sett gjekk 27% av Innovasjon Norge sine verkemiddel i Sogn og Fjordane til kvinneretta prosjekt i 2007. Til samanlikning ligg snittet på landsplan på 19%, og Sogn og Fjordane er slik i toppen i landet i målretta kvinnesatsing.

Vil ha fleire i styre og leiing
– Sogn og Fjordane har likevel fortsatt store utfordringar knytt til folketalsnedgang og forgubbing, og det er ingen grunn til å kvile på laurbæra. Innovasjon Norge har ei viktig rolle i å bidra til nyskaping og utvikling av bedriftene i fylket og vil difor halde fram med det viktige arbeidet med å auke prosentdelen kvinner innan alle verkemiddel og satsingar. Særleg viktig er det å auke andelen kvinner i styre og leiing i bedrifter i fylket, seier Hjørdis Vik, rådgjevar i Innovasjon Norge.

Som døme på kven som har fått tilskot viser Innovasjon Norge til at Birgitta Ralston i Transplant Live as har fått investeringsstilkot, Artemis rådgjeving ved Annlaug Kjelstad har fått etablerarstipend, og at Lerum AS ved Trine Lerum Hjellhaug har fått bedriftsutviklingstilkot.

I tillegg er det gjeve støtte til ulike kompetanseprogram: Ledermentor ved Siv Merete Stadheim, Fyrtårnprogrammet ved Birgitta Ralston, Mangfald i Leiing ved Anne-Mette Hjelle og Styrekompetanse ved Liv Bodil Baug og Bente Hermansen.

Sei di meining nedanfor.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.