Norske vasskraftverk sløsar bort energi som kunne forsynt 500.000 husstandar med straum.
Elevane ved skulefritidsordninga på Førde barneskule arrangerte sine eigne olympiske leikar. Her kan du sjå bilete frå leikane.
Sjå biletserie
Slåtten skulemusikk, Danseverkstedet og Kulturskulen sette opp "The Commitments" og fylte salen i Førdehuset. Sjå bilete frå oppsetjinga.
Sjå biletserie
Førde barneskule glitrar. Den nye kunstutsmykkinga "Treasure" er på plass, til bornas store glede. Torsdag fekk elevane vere med på den offesielle opninga.
Sjå biletserie
Video_import Sjå videoen der Halvard Huus kastar kokande vatn opp i lufta, og vips har han laga sin eigen snø. Video: Runar Sandnes
Les meir| ANB | |
| Publisert 16.10.2007 kl 10:36 Oppdatert 16.10.2007 kl 10:36 |
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner det er for dyrt for vasskraftverka å gjere utbetringar med dagens straumprisar. Dette trass i at kraftverka går med milliardoverskot.
Undersøkingar frå NVE viser at norske vasskraftverk har mykje å hente på å fornye teknologien. Utbetringane vil ikkje ha negative miljømessige konsekvensar, og kan auke produksjonen til vasskraftverka med rundt 10 TWh i året. Det tilsvarer det årlege straumforbruket til rundt 500.000 norske husstandar. Men med dagens straumprisar vil investeringane i liten grad vere lønsame, meiner NVE.
Må stoppe
– Mange kraftverk må stoppe i lengre periodar for å få gjort tiltak som gir fortringar. Dette gir inntektstap som kan vere en større utgiftspost enn sjølve tiltaket. Dermed blir det ulønsamt å gjere noko om vi legg dagens marknadspris på straum til grunn, seier Torodd Jensen, seksjonssjef i NVE.
Men sjølv med høgare straumprisar og betre støtteordningar, vil det ifølgje NVE vere urealistisk å tru at ein får utnytta det tekniske potensialet fullt ut.
– Men burde ikkje vasskraftverka, som går med milliardoverskot, ha råd til å gjere desse investeringane utan støtteordningar?
– Sidan selskapa er bedne om å vere kommersielle, vil dei ikkje investere i ulønsame prosjekt. Men det finnest også andre barrierar. Det kan vere at ein del lønsame prosjekt blir sett til side fordi ein ikkje har ingeniørar nok til å jobbe med dei, seier Jensen.
Ny støtteordning
Guri Størvold, statssekretær i Olje- og energidepartementet, trur kraftverka sjølve vil ta ansvar og forbetre anlegga.
– Kraftprisane vil gå opp. Då vil det også bli meir interessant å gjere utbetringar. Eg trur kraftselskapa er opptekne av å ta samfunnsansvar og vil vere med på en klimadugnad, seier Størvold.
Ane T. Brunvoll, som jobbar med fornybar energi i Bellona, er overraska over at NVE ikkje meiner det er meir lønsamt å ruste opp vasskraftverka.
– Eg er skuffa viss det stemmer at det berre vil vere lønsamt å oppgradere vasskraftverka slik at dei produserer 1 TWh meir enn i dag. Men berre 1 TWh er forferdeleg mykje energi, så vi får håpe at vassverka i alle fall får utnytta dette. (ANB)
11 år gamle Balder Belsvik har skrive låten «Florø by». Framført av Vikingblod har byen fått ein fengande rockelåt i jubileumsåret.
Her kan du høyre låten.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Dei ti siste innlegga | ||
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt