Næringslivet i Sunnfjord reiser i februar til Trondheim og Bergen for å vise seg fram og reklamere for spennande karrieremoglegheiter.
| Ivar Longvastøl | |
| Publisert 22.12.2006 kl 16:48 Oppdatert 23.12.2006 kl 16:04 |
Bak rekrutteringsprosjektet står Sunnfjord Næringsråd med nytilsett prosjektleiar Gro Rukan i spissen.
Inviterer til happeningar
- Vi inviterer folk med tilknyting til vår region til «happeningar» i Trondheim og Bergen. I hovudsak vil arrangementa rette seg mot ingeniør- og teknologimiljø, men alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne, seier Rukan.
Ho fortel at lokale bedrifter med behov for arbeidskraft skal vere med på tilskipingane, der målet er å vise at Sunnfjord og Sogn og Fjordane representerer eit mangfald av spennade karrieremoglegheiter.
- Tidleg på bana
Sunnfjord Næringsråd er utolmodig og ønskjer å få fart på marknadsføringa og rekrutteringa.
- Diskusjonen har gått om cowboyhattar og behovet for handelshus i Sogn og Fjordane, men spør du studentane kva som betyr nok når dei skal etablere seg, er svaret eintyding. Nemleg interessante arbeidsplassar, seier Rukan.
- Difor er det viktig at næringslivet er tidleg på bana. Det er i seinaste laget å gjere seg lekker for nyutdanna arbeidskraft når masteroppgåva er innlevert. Veldig mange unge menneske har allereie vorte hanka inn i ein spennande jobb når dei vinkar farvel til studieplassen, seier Rukan.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt