-Dersom det er avisene som er det viktigaste for øybuarane i Flora kan vi vurdere å gå attende til tidlegare ordning. Då vil dei få posten klokka åtte som før, men A-posten kjem 20 timar seinare enn no.
Det seier informasjonssjef i Posten, Eivind Rossen.
-Etter å ha følgt oppslaga i Firda om postlevering til øyane verkar det på meg som tidspunkt for levering av aviser er det viktigaste for dei som bur på øyane. Derfor ser vi no på om vi kan levere som før. Det betyr ferske aviser, men gammal A-post, seier Rossen.
Kvalitet
-Vårt mål er å levere best mogeleg kvalitet. Vi har
ikkje noko mål om å gjere livet vanskeleg for folk i Sogn og Fjordane, tvert
om, seier Rossen.
Han seier dei nye postrutinane på øyane kom for å
levere betre kvalitet.
-Dei nye rutinane fører til at øyane får
A-posten 20 timar tidlegare enn med den gamle ordninga. Avisene som vert
sende med posten kjem då om ettermiddagen, seier Rossen.
Omlegginga har gått greitt
Når det gjeld den store
omlegginga i postsorteringa i Sogn og Fjordane sist veke er Posten svært
godt nøgd med den.
-Det har gått veldig greitt. Ting har
fungert. Litt problem har det vore på grunn av stengde flyplassar som følgje
av snø og tåke. Men det har ikkje noko med omlegginga å gjere, seier Rossen.
Han understrekar at målsetjinga er å få best mogeleg kvalitet på
postleveringa, med den logistikken som finst.
-Vi jobbar heile tida
med å sikre leveringane slik det er avtalt. Skal vi klare dette er det
viktig at stafetten går uavbrote, og det synst vi at vi har fått godt til
med den nye omlegginga, seier Rossen.