Mykje russ, lite kluss

Russen over heile fylket har oppført seg eksemplarisk natt til 1.mai. Ikkje i ei einaste av dei sakene politiet har fått melding om i helga har russ vore involvert.

Publisert 02.05.2005 kl 08:52 Oppdatert 02.05.2005 kl 15:45

Tips ein venn på e-post:

...
EKSEMPLARISK RUSS: Natt til 1. mai var mykje russ samla på Festplassen i Førde. Dei oppførte seg fint, slik russen i heile fylket gjorde. Foto: Helge Johnsen

-Russen har oppført seg fint. Det gjer dei stort sett alltid, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Solvåg seier at natt til 1. mai ikkje lenger er ei hektisk natt for politiet slik det var for nokre år sidan. Det er blitt ei heilt vanleg helg.

-Det er litt meir folk ute enn vanleg, og det resulterer ofte i at politiet tømmer ut ein del alkohol, men elles er det ikkje meir bråk enn vanleg, seier Solvåg.

Politiet har dei siste åra drive med førebyggjande tiltak overfor russen og russefeiringa. Dette ser ut til å ha gitt resultat.

-Inntrykket vi sit igjen med er at russen oppfører seg fint over heile fylket, trass i at dei er mange samla, seier Solvåg.

Mest lese no

...

Trafikkaos på E39

Nyhende Utanlandsk tungtransport prøvde seg på Halbrendslia utan kjettingar. Det skapte timelange køar. Les meir

...

Snart halvvegs til toppen

Nyhende Ikkje mange har luftigare arbeidsplass Les meir

...

Landdeponi vert 100 m høgt og 750 m breitt

Nyhende Slik vert Redalen sjåande ut om ein vel landdeponi i samband med gruvedrifta i Vevring. Les meir

...

Set inn ei tredje ferje

Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.