-Å vere russ skal vere mest moro, men også alvor, så det er fint at vi får slik lærdom og informasjon som dette. Det får oss til å tenkje.
Orda kjem frå fem raudkledde Førde-russ, som har teke turen til fjordhestsenteret på Breim for å vere med på årets fylkestreff for russen. Dei har nettopp vore vitne til ei realistisk øving - ein kollisjon mellom to bilar. Tre personar er alvorleg skadde, og ein russebil er den første som kjem til skadestaden.
-Det er viktig å vite kva ein skal gjere i ein slik situasjon, og eg har heilt klart lært noko av denne øvinga, seier Cato Bell (18) frå Sande.
Kompisane Jonas Røsten Skar (19) frå Vassenden, Harald Oppedal (18) frå Førde, Jørn Alvær (18) frå Naustdal og Mats Holsen (19) frå Eikefjord, dei nikkar og er samde. Gutane har fått ei påminning om at ein må ta det med ro i trafikken, sjølv om ein skal ha det gøy i russebilen.
Russegrenser
-Men å vere russ er først og fremst å ha det moro saman med andre, og kanskje gjere ting du ikkje gjer elles, seier Harald.
Kompisane nikkar igjen, men kjem fram til at det finst grenser - også for russen.
-Kvar den grensa går, veit eg ikkje heilt, seier Jørn.
Og så ler dei, heile gjengen. Sola skin i bakkane, og det er mange aktivitetar som skal prøvast ut før festen startar for alvor.
Øvinga - trafikkulykka - er sett i scene av Helse Førde. Både politi, brannvesen og rullande og flygande ambulanse er involvert. Dei fleire hundre russane som er til stades, får eit skremmande verkeleg bilete av korleis det er på ein ulykkesstad.
-Uæh, eg vert svimmel. Dette er ekkelt. Eg ser på ein måte klart, men ting er ikkje der dei skal vere når eg flyttar på føtene!
Ida Aarseth (18) frå Florø er innom NAF sin stand, og har fått på seg såkalla «promillebriller» som forstyrrar synssansen. Med dei går ho ei løype med kjegler, og det er tydelegvis ikkje lett. Føtene hennar kryssar seg og kjeglene veltar.
Høg «promille»
-Ein må vel ha ganske høg promille før kroppen oppfører seg slik, undrar ho.
-Ja. Du skal ha høg promille før du blir slik, seier Øyvind Dvergsdal frå NAF.
-Heldigvis, seier veninnene til Ida, Cecilie Hamre (18) frå Måløy og Liv M. Ytrøy (21) frå Solund.
Dei tre russejentene har tenkt å prøve alle aktivitetane på treffet, før dei skal la seg påverke noko som helst av promille.
I tillegg til dei meir «seriøse» standane til politiet, Statens vegvesen og ambulansen, kan russen utfalde seg med riding på hest, høyballerulling, paintball og køyring med firehjuling.
Russetreffet på Breim er det første i sitt slag, for russ i heile fylket, og med informativt opplegg i tillegg til konsert og anna moro.
-Vi ville skape eit alternativ der russen kan samlast for seg sjølv, utan at andre øydelegg for dei og russen får skulda, fortel Per Svein Reed, ein av initiativtakarane til treffet.
Dugnad og kyssing
Han fortel at det er Norsk Fjordhestgard som står som arrangør, bygdekvinnelaget tek seg av sal av mat og drikke, medan Breimsbygda I.L. stiller med vakter. Fylkeskommunen sitt tilbod, «Heim for ein 50-lapp» er ein del av opplegget.
-Dette er kjekt og trygt for russen. Det vi har sett til no er imponerande, synest Reed.
Ein annan som har det kjekt, er politibetjent Karl Vik. Russejentene står nærast i kø for å få kysse han. Får dei det, kan dei hengje ein seigmann i dusken på russehua.
-Ein svært koseleg russeknute, synest Liv Jorunn Haugen (18) frå Gaupne, og Eli Johanne Mjellem (18) frå Hyen.
Dei to russane frå Firda vidaregåande skule har planar om å ta mange av dei 100 russeknutane, men innser at tida er knapp.
-Visst vi klarer 75 av 100 kan vi dyppe dusken i gullmåling og kalle oss eliteruss. Det er mogleg, men vanskeleg. Og vi tek berre dei koselege knutane, altså&.
Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir