...
Tonje Høy, fagdirektør for veterinærmedisin i Statens Legemiddelverk. Foto: Statens Legemiddelverk

Omfattande medisinering mot lakselus vekkjer bekymring

Statens Legemiddelverk sa i første omgang nei til bruk på grunn av mangelfull miljødokumentasjon. Men kritikken var krass og legemiddelet vart godkjent.

Publisert 20.03.2010 kl 17:39 Oppdatert 20.03.2010 kl 17:43

Tips ein venn på e-post:

Kitinhemmarar

  • Statens Legemiddelverk (SLV) tillet at oppdrettsbransjen kan bruke kraftige middel mot lakselus.
  • Vestvet AS, veterinærfirma i Førde, har søkt om tilgang til 960 kilo av stoffa som er svært giftige for krepsdyr. SFT (no Klif) har uttrykt bekymring for langtidsverknader for både dyr og menneske.

– Det er absolutt grunn til bekymring over omfattande bruk av medisin mot lakselus, seier fagdirektør for veterinærmedisin i Statens Legemiddelverk (SLV), Tonje Høy, til Firda.

Høy er kjend med at SFT (no klima- og forureiningsdirektoratet) i sine rapportar åtvarar mot bruk av middela som SLV no innvilgar godkjenning for.

– Dette tok vi også med i preparatomtalane.

Desperat

Høy kallar dagens situasjon med lakselus desperat, og difor blir søknadene frå veterinærane om bruk at kitinhemmarar godkjende. Men det er eit mål at ein skal bruke minst muleg, seier Tonje Høy til Firda.

– Dersom veterinærane seier at dei har behov for så og så mykje, har vi godkjent desse mengdene.

– Firda har snakka med veterinærar i området som hevdar at dei «skriv søknad med gaffel og gongar med ti». Grunngjevinga er at dei skal sleppe å skrive nye søknader dersom dei treng meir lusemiddel. Er dette ein praksiss som SLV tykkjer er god?

– Nei, veterinærane bør ikkje søkje om meir enn dei har behov for.

Nødsituasjon

Tonje Høy legg til at dette er ein nødsituasjon, og at det er heva over tvil at krepsdyr som er i nærleiken av oppdrettsanlegg vil bli påverka. Dette gjeld dyr som er i skalskiftealder.

Men SLV må ifølgje Høy ha ein dokumentasjon på skadelege miljøeffektar dersom dei skal bruke dette som kriterium for å nekte søknader.

- Det er vanskeleg å bruke føre-var-prinsippet på legemiddel som allereie har fått innvilga marknadsføringsløyve. Vi skal no revurdere desse preparata i forhold til miljøet, seier fagdirektøren.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.