Foreslår åtte nye laksefjordar. Ein av dei: Førdefjorden.
Regjeringa presenterte klokka 12 i dag tiltakplanen for å ta vare på villaksen.
I Sogn og Fjordane føreslår dei å gjere Lærdalselva, Nærøydalselva til nasjonale laksevassdrag.
Dei vassdraga som renn ut i ein etablert laksefjord er og føreslåt verna. Her i fylket vil Førdefjorden få status som nasjonal laksefjord av omsyn til Nausta.
Det betyr at det ikkje vil verte høve til å drive med fiskeoppdrett i fjorden, skriv nrk.no/sfj.