...
Rebecca (t.v.) og Megan Lovell (t.h.) i Larkin Poe heldt to konsertar i Stongfjorden. Synne og Einar Alsakar (bilete) har store ambisjonar for bygda. Foto: Arild Gjervik

Stjerner strøymer til Stongfjorden

I helga heldt amerikanske Larkin Poe intimkonsert i Hønsehagen Vinkjellar.

Solveig Peersen E-post
Publisert 06.08.2012 kl 09:27 Oppdatert 06.08.2012 kl 09:28

Tips ein venn på e-post:

Synne og Einar Alsaker hadde sett seg eit mål om å trekkje store artistar til Hønsehagen Vinkjellar. Tanken var å få til dette i løpet av fem til ti år.

Under to år tok det før Jon Eikemo inntok Stongfjorden. Dette opna dører for ekteparet, som blant anna har hatt besøk av Ole Paus og Thom Hell og i desember kjem Vamp til bygda.

– Det er ikkje til å tru. Dette er jo ikkje akkurat verdas navle, seier ei godt nøgd Synne Alsaker.

Heilt unikt

Og i helga var det altså Larkin Poe, som mellom anna har spelt med Elvis Costello, som vitja den vesle bygda.

– Det er fantastisk her, og heilt unikt, seier Rebecca Lovell. Søstera, Megan, er heilt einig. Duoen har vore i Norge åtte gonger, og tykkjer det er veldig kjekt at folk her i landet set pris på musikken deira.

Fredag heldt dei ein intimkonsert for 36 heldige i ein fullsett vinkjellar, og laurdag stod dei på scena under ein utekonsert i regi av Dalsfjordveka.

Spela inn musikkvideo

– Det er klart vi har vore heldige, seier Synne. Det stilige lokalet, der alt er i gjennomført mellomalderstil, har blitt ein «snakkis» i musikkmiljøet.

For eitt år sidan tok manageren Larkin Poe har i Norge, kontakt med Alsaker. Han ønskte at bandet skulle få halde ein konsert, samt lage ein musikk-DVD, i Hønsehagen vinkjellar.

Medan bandet vitja Stongfjorden, fekk crewet ein idé om også å lage musikkvideo til songen «Play On». Videoen vart sleppt i vinter, og har over 77.000 treff på YouTube.

Personleg

Søstrene i Larkin Poe voks opp i Calhoun i Georgia, ein stad med kring 15.000 innbyggjarar. Dei har det heilt topp i Stongfjorden, og har nytta dagane «på landet» til å hente seg inn att.

– Helikopterturen over isbreen var ei utruleg oppleving. Vi kjenner oss bortskjemte, og har hatt det utruleg flott her, seier Rebecca.

Konserten i vinkjellaren opnar for ein heilt anna kommunikasjon med publikum enn dei er vande med.

– Det vert meir intimt, vi får personleg kontakt med publikum, seier Rebecca.



På forsiden nå


...

Heim til Sunnfjord i helga?

Nyhende Firda vel ut tre som får gratis flybillett Oslo- Førde laurdag og tilbake søndag Les meir

Dagens avstemming

Kjem du til å sakne geitene i Våtedalen i sommar?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 735

To trafikkuhell samstundes

Nyhende Jente velta på sykkel på Eid. Moped køyrde i bil i Florø. Les meir

...

FSS-utbygging for ein milliard

Nyhende Men det kan kome til å ta 20 år. Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.