...
Det var ein fullsett kyrkjekonsert i Breim kyrkje laurdag. Blant anna med Bobby Bare. Foto: Solveig Nesje Peersen

1000 fleire enn i fjor

Trass regnvêr er det auke i besøkjande ved Norsk Countrytreff.

Marie Havnen E-post
Publisert 15.07.2012 kl 14:14 Oppdatert 15.07.2012 kl 14:37

Tips ein venn på e-post:

Dei førebelse tala viser at 11 500 har besøkt countryfestivalen på Breim. Det er 1000 fleire enn i fjor.

– Vi er strålande fornøgde, særleg med tanke på vêret. At vi med regnbyer har klart å få ei auke i besøkstal tykkjer eg er fantastisk, seier dagleg leiar Eva Hage Solstad.

Har du bilete frå festivalen? Send dei gjerne til redaksjon@firda.no eller fitips til 2005

På scena har mellom andre Vassendgutane, Green Granadas, Hellbillies, Bobby Bare og Vince Gill. Regnet heldt seg unna under konsertane.

– Det er ikkje til å komme ifrå at vi er avhengige av snille vêrgudar. Her var det opplett under konsertane på hovudscena alle tre kveldane. Publikum fekk nyte musikken sitjande, ståande og dansande, seier Solstad.

Fullt hus i kyrkja
Kyrkjekonserten i Breim kyrkje lokka til fullt hus. Solstad reknar med at rundt 700 var på plass.

– Kyrkja er vel sjeldan så full trur eg, seier Solstad.

Artistansvarleg Nils R. Sandal synest kyrkjekonserten var ei sterk oppleving. Høgdepunktet under festivalen var Vince Gill sin konsert på hovudscena.

– Det var ein enorm konsert med mykje folk. Det var heilt utruleg, seier han.

Straumproblem
Solstad fortel om gode tilbakemeldingar frå gjestene. Både musikken og fasilitetane har fått skryt.

– Folk opplever det som ryddig og reint i sanitæranlegga. Det er noko vi legg vekt på.

På grunn av det kjølige vêret fekk festivalen straumproblem. Vêret gjorde at mange trong varme i fortelta. Dette vil Solstad jobbe med å utbetre til neste år.

– Når folk er så ivrige etter å komme sjølv om ruskever, så må vi har kapasitet til å varme opp fortelta, seier ho.

Rekorden var i 09
Publikumsrekorden på 13 100 var i 2009.

– Den skal vi byggje oss opp att til og klare i godvêr, seier Solstad.

På campingen har det vore i underkant av 1800 gjester totalt. Det er noko færre enn i fjor, som og var ein tørrare år.

– Campinggjestene toler alt slags vêr, medan gjester med dagsbillett er meir vêravhengige, seier Solstad.

...
Publikum på kyrkjekonsert. Foto: Solveig Nesje Peersen


På forsiden nå


Dagens avstemming

Er det riktig av Ap å frede dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 3305

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.