...
Foto: Privat

Pondus på sognedialekt

Neste måndag får du høve til å lese Pondus på fem ulike dialektar.

Ingrid Margrete Thorvaldsen E-post
Publisert 11.07.2012 kl 11:27 Oppdatert 11.07.2012 kl 11:27

Tips ein venn på e-post:



Forlaget har klekka ut ideen om å sleppe same Pondus-album i fire ulike varianter, med minst fem dialektar i kvart blad, skriv Fædrelandsvennen.

Desse vert sloppe måndag, eitt på Sør- og Vestlandet, eitt på Sør- og Østlandet, eitt i Midt-Norge og eitt i nord.

- Dei fire albumversjonane ville fått Ivar Aasen til å spinne i grava av glede, i følgje Egmont serieforlag.

Dialektmangfald

Sjef for oversetjinga er språkforskaren Øystein A. Vangsnes, ein sogning som jobbar ved Universitetet i Tromsø.

– Det at det blir gitt ut eit Pondus-album i fire dialektversjonar er eit tydeleg prov på at vi nordmenn set pris på dialektmangfaldet vårt, skriv Vangsnes i heftet.

Teksten i boblene er skriven svært lydnært, blant anna har han kutta ut alle stumme konsonantar, slik folk flest gjerne gjer når dei skriv dialekt.

– Vi har dratt det endå eit hakk lenger, seier Vangsnes til NTB.

– Kurant og slangaktig

Språkforskeren karakteriserer språket til Pondus som «heilt kurant» og «slangaktig»:

– Han er bartendar på ein fotballpub, og det inneber både litt på kanten-humor og nokre grove uttrykk. Nokre gonger måtte eg byte ut noko for å finne fram til stadlege uttrykk, innrømmer ein spent Vangsnes.

Døme på ulike skilje er namna for kvinnebryst i bladet. I Bergen kallar kvinnebryst for «daiar», medan dei i Troms og Finnmark kan gå under namnet «deite», og i Sogn «tatta». Og der nordlendingane seier «hæstkuk», ville austlendingar ha sagt «drittsekk» og på Sørlandet «dumming». (Fædrelandsvennen/ NTB)

På framsida no


Væpna politi i sentrum

– Eit sikringstiltak for at folk skal føle seg trygge.

...

– Spar på vatnet!

– Heller ein svidd plen enn eit nedbrent hus, seier Dag Tore Skilbrei, ansvarleg for vatn og avløp i Gaular kommune.