...
Foto: Iris Engen Skadal

Junivinnaren av Bandwagon kåra

– Vi vann no vel fordi vi spelar steikje bra musikk, seier gutane i bandet Drusar.

Ingrid Margrete Thorvaldsen E-post
Iris Engen Skadal E-post
Publisert 10.07.2012 kl 09:31 Oppdatert 10.07.2012 kl 09:31

Tips ein venn på e-post:

– Vi vurderte til saman ni låtar, der «Elvis» av Ferdarhag og «Raven Black» av Raven MacKenzie stod att som Drusar sine sterkaste konkurrentar, fortel jurymedlem Eirik Grane.

I samråd med Thea Hjelmeland og Kurt André Aase konkluderte han med at låten «Idiot» er ein kul låt, prega av både humor og djupne.

Klapp på skuldra

Øyvind Heggheim (28), Håvard Erle (30) og Jan Tore Befring (31) oppfattar månadens siger og 2500-kroners sjekk som eit klapp på skuldra for musikalsk innsats.

– Det er jo kjekt at folk oppfattar at vi eksisterer, seier Befring, som sjølv har oppdaga fleire nye, lokale band han aldri hadde høyrt om før.

– Det har vel aldri vore ein slik konkurranse så lenge eg kan hugse, og det er flott at ukjende lokale band får ein sjanse til å vise seg fram, legg han til.

Håpar på siger

No håpar trekløveren på siger i Bandwagon, der dei vil konkurrere med to andre månadsvinnarar om ein plass i ein regional konkurranse. Om dei kjem vidare der, går turen til Norsk rockuke på Namsos, der vinnaren av Bandwagon vert kåra. Premien er å få spele inn låten saman med eit profesjonelt team. Ikkje minst ligg Ramp-stipendet til 250 000 kroner og lokkar på gutane i enden av konkurransen.



På forsiden nå


...

Heim til Sunnfjord i helga?

Nyhende Firda vel ut tre som får gratis flybillett Oslo- Førde laurdag og tilbake søndag Les meir

Dagens avstemming

Kjem du til å sakne geitene i Våtedalen i sommar?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 481

To trafikkuhell samstundes

Nyhende Jente velta på sykkel på Eid. Moped køyrde i bil i Florø. Les meir

...

FSS-utbygging for ein milliard

Nyhende Men det kan kome til å ta 20 år. Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.