...
Utkant kårar festivalens beste forspel-underhaldar. Foto: Privat

Vil du bli kongen av Utkant?

Innsending av bidrag startar i dag: - Vi skal kåre Vestlandets beste forspel-underhaldar, fortel festivalsjef Viggo Randal.

Ingrid Margrete Thorvaldsen E-post
Publisert 09.07.2012 kl 10:33 Oppdatert 09.07.2012 kl 10:55

Tips ein venn på e-post:

Utkant sitt artistprogram har lenge vore kjent, men no opnar arrangørane av den idylliske festivalen på Skjerjehamn for at nett du kan få opptre.

- Alle har vi ein liten musikar i oss, eller ein kamerat med ein plagsom nachpiel-gitar. Det er akkurat deg vi vil tak i, seier festivalsjef Viggo Randal.

Skjulte talent

- Det finst mange skjulte talent blant alle plagsame nachspielgitaristar, og vi trur dei vil kome betre til sin rett på eit forspel her hjå oss. Gitaren er ein sterk del av forspel-kulturen sommarstid, gjerne på svaberga eller på hytta, seier Randal.

Det var ein sein vårkveld i gode veners lag at idéen til konkurransen først oppstod.

- Ideen kom til oss i ein augeblink av klarleik på vårt eige nachspiel, uttalar Randal.

Får spele på hovedscena

Vinnaren får opptre på hovedscenen laurdag, og deler scena med artistar som Marit Larsen og Samsaya.

-Vinnaren av konkurransen blir kåra til forspel-kongen eller dronninga, og får det næraste ein kjem kongeleg status i Ytre Gulen, smiler Randal, som oppfordrar folk i alle alder og sjanger til å delta.

- Det viktigaste er utstråling og folkeleg appell. Vi håpar nokon tør å melde seg på; viss ikkje lyt eg ta jobben sjølv, lover Randal.

Slik deltek du i konkurransen

Last opp ein video av deg sjølv eller ein kamerat du tykkjer fortener sjansen, for deretter å dele denne på Facebook-sida til Utkant eller send den til utkant@live.com

Innsendinga startar i dag. Vinnaren vert kåra måndag 23. juli av ein fagjury av andre hobbygitarister og forspel-kjennarar.



På forsiden nå


...

Her blir skroget løfta opp av sjøen

Nyhende Komplisert operasjon på stort fartøy Les meir

Dagens avstemming

Har du kontroll på vikepliktsreglane?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 1701

...

- Skal ikkje gi frå oss teten

Fotball Fleire overraskande resultat i dagens fotballrunde Les meir

...

Grendapub med quiz på dugnad

Nyhende Fullt hus og høg stemning på grendapub i fleirbrukshus Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.